Meltzerpris til Maja Janmyr
Maja Janmyr ved Det juridiske fakultet har vorte tildelt Meltzerprisen for yngre forskarar.
Maja Janmyr
Main content
Maja Janmyr (29) vart fredag 7. mars tildelt Meltzerprisen for yngre forskarar. Janmyr er tilsett som forskar ved Det juridiske fakultet og forskar på flyktningerett. Ho er den fjerde forskaren og første kvinna ved fakultetet som har fått ein meltzerpris.
– Eg vart overvelda og ganske glad då eg vite eg fekk prisen. Eg visste ikkje eingong at eg var nominert. Prisen er eit stor privilegium og eg tenkte det var mange som fortener prisen meir enn meg, fortel Janmyr.
Ny kunnskap til eit viktig samfunnsområde
Janmyr disputerte i 2012 og avhandlinga hennar om rettsvern av sivile i flyktningleirar har hausta internasjonal ros og kom nyleg ut som bok. I tildelinga av prisen var det lagt vekt på den tverrfaglege metodebruken hennar, der ho kombinerer juridisk metode med empirisk basert kvalitativ samfunnsvitskapelege analyse. Ifølgje nominasjonen tilfører ho eit viktig samfunnsområde grenseoverskridande ny kunnskap, både nasjonalt og internasjonalt.
– So lenge eg kan hugse har eg interessert meg for menneske på flukt. Metoden valde eg ut frå problemstillinga, og eg ynskte undersøke om det var mogleg å låne metodiske verktøy frå andre disiplinar.
No er ho tilknytt forskarprosjektet Migration to Norway der ho ser på korleis norske returavtalar blir forhandla fram og korleis dei blir implementert i praksis.
– Det verkar som det er ein meining hjå politikarar generelt at slike avtalar minskar innvandring og aukar talet på returar, men det fins ikkje nokon omfattande studiar som støttar opp under dette. Desse avtalane er dessutan problematiske sidan dei sjeldan inneheld mekanismar som gjer det mogleg å følgje, eller overvake, situasjonen for dei som blir sendt ut frå Noreg.
Politiske flyktningar
Dei framtidige forskarplanane til Janmyr er i første omgang eit forskaropphald i Kairo, men ho arbeider òg med større forskingsprosjekt som går på politisk deltaking og engasjement hjå flyktningar.
– Ifølgje folkeretten blir flyktningar sett på som humanitære og ikkje-politiske, og asylinstitusjonen skal ikkje skape spenningar mellom statar. Samstundes reiser mange flyktningar frå heimlanda sine på grunn av forfølging for politiske meiningar og engasjement. Flyktningstraumar har òg i seg store politiske implikasjonar. For flyktningar er det ofte svært viktig å engasjere seg i politikken i heimlandet for å skape endringar som er naudsynt for at dei skal kunne reise attende.
Utdrag fra nominasjonen
Maja Janmyr (29) fremstår som et sjeldent forskertalent som har høstet internasjonal anerkjennelse for sin ph.d.-avhandling fra UiB om rettsvernet av sivile i flyktningeleirer (2012). Etter disputasen har hun publisert en rekke arbeider i internasjonalt anerkjente publikasjoner, blitt godt integrert i et internasjonalt forskningsmiljø og lagt grunnlaget for flere nye og velfunderte forskningsprosjekter. Ved hjelp av tverrvitenskapelig metodebruk, der juridisk metode blir kombinert med empirisk baserte kvalitative samfunnsvitenskapelige analyser, tilfører hun vitensamfunnet grenseoverskridende ny kunnskap så vel nasjonalt som internasjonalt på et viktig samfunnsområde.
Det er den internasjonale rettsorden som er Janmyrs forskningsfelt og det er først og fremst folkerettslige og menneskerettslige problemstillinger knyttet til flyktninger som har fanget hennes interesse. Hennes publiserte arbeider hører utvilsomt inn under UiBs satsing på global og utviklingsrelatert forskning. Den rettslige håndteringen av flyktninger er nettopp en av de store utfordringene i det 21. århundre der ny kunnskap kan bidra til å skape større forståelse for sammenhenger og endringsprosesser på globalt, regionalt og lokalt nivå, slik UiB har satt seg som mål.
Janmyr utmerker seg ved gode samarbeidsevner og en usedvanlig evne til å bidra til å bygge opp et godt fagmiljø. Janmyr har i løpet av kort tid bygget opp et omfattende forskningsnettverk. Hun blir benyttet som foredragsholder og paneldeltaker i internasjonale konferanser i humanitær rett og flyktningrett og er involvert i en rekke prosjekter, av tverrfaglig og internasjonal karakter.
Janmyrs forskning berører viktige og vanskelige rettspolitiske spørsmål og hun deltar aktivt i samfunnsdebatten med formidling av forskningsbasert kunnskap, det være seg i dagspresse, ved blogginnlegg eller i faglig-pedagogisk sammenheng for lærere eller studenter. Høsten 2013 pekte Bergens Tidende henne ut som en av UiBs unge og mest lovende forskere fra det rettsvitenskapelige feltet.