Millionar til unge forskartalent
To unge forskarar ved fakultetet får millionar til eigne forskingsprosjekt frå Forskingsrådet i samband med Fellesløftet.
Main content
Published: 04.02.2014
Ti unge forskarar ved UiB får kring 70 millionar frå Forskingsrådet. To av desse forskartalenta er knytt til Det medisinsk-odontologiske fakultet, ved Klinisk institutt 2.
Midlane skal forskarane nytta til å forfølgja eigne idéar, skapa sin eigen forskingsveg og etablera ei eiga forskargruppe. Målet med tildelingane er å byggja opp framifrå forskingsmiljø i framtida.
Les meir om saka på UiB Aktuelt eller på Forskingsrådet sine heimesider.