Home
Centre for Women's and Gender Research

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Masterstafett

Senter for kvinne- og kjønnsforskning ved UiB held kvart vårsemester ein masterstafett for masterstudentar som skriv oppgåve med ein tematikk som empirisk eller teoretisk handlar om kjønn.

seminardeltakere
Photo:
Gilda Seddighi

Main content

Stafetten er open for masterstudentar frå alle felt og fakultet.

Tanken bak masterstafetten er å skape ein møteplass for studentar og kjønnsforskarar på tvers av fagdisiplinar. Deltakarane får høve til å knytte nyttige kontaktar og få innspel frå andre fagpersonar enn rettleiar. I tillegg kan det vere inspirerande å høyre om kva andre studentar arbeidar med. Masterstafetten er eit heildagsseminar der kvar deltakar får 15 minutt til å legge fram sitt prosjekt. Deretter kjem vi til å bruke 15 minutt på ein diskusjon av innlegget.

Stafettlaga er sett saman av masterstudentar frå ulike fag på HF, SV og Psykologisk fakultet. Tematisk er spennvidda stor, og kan handle om alt frå verknaden mikrokreditt har for kvinner på landsbygda i Peru, via ei arkeologisk undersøking av kvinner si viktigheit i overgangen frå norrøn religion til kristendom i Noreg, til ein etnografisk studie av maskulinitet i militæret. Det har også vore stor variasjon i kor langt i prosessen dei ulike prosjekta har komme. Nokre har vore heilt i startgropa og ser på dette som eit godt høve til å prøve ut tankar om utforminga av prosjekta, medan andre har vore heilt i sluttfasen og har presentert nesten ferdige analyser. I tillegg til kjønnsperspektivet, har felles for alle deltakarar vore smittande entusiasme og engasjement både for eige materiale og medstudentane sine mangfaldige prosjekt.

Ved spørsmål, ta kontakt på post@skok.uib.no.