Home
Bergen Network for Women in Philosophy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Semesterets første seminar i Bergensnettverket for kvinner i filosofi

Ane Faugstad Aarø: "Ideer om selvet, emosjoner og kropp i fransk filosofi fra 1600-tallet."

Emosjonane si rolle i fransk filosofi, til dømes for ideane om sjølvmedvit og idear om kropp og persepsjon, er noko av det Faugstad vil sjå nærare på i foredraget. Sentrale filosofar i hennar analysar er mellom andre Descartes, Malebranche, Bergson og Merleau-Ponty.

Main content

Innlegget vil ta for seg på kva måte emosjonar spelar ei rolle i dei ideane om sjølvmedvit som eksisterer i fransk filosofi, t.d. hos Descartes og Malebranche, kopla opp mot idear om kropp og persepsjon, og kva for tyding emosjonar får hos dei seinare franske filosofane, t.d.  Maine de Biran, Bergson og framover i fransk filosofi mot Merleau-Ponty. Når Malebranche omtalar ein «originary inauguration to touch,» så har kroppsleg medvit fått ein signifikans allereie på 1700-talet, og når Maine de Biran spør i De l’aperception immédiate (1807): finst det ein umiddelbar persepsjon som er forskjellig fra intuisjonen, sanseerfaringa og kjenslene (les sentiment), og kva ligg denne forskjellen i dersom den finst? – så gjeld dette spørsmålet om eit nærare og betre kjennskap til medvitet eller sinnet. Seinare finn vi medvitsomgrepet hos Bergson og kroppssubjektet hos Merleau-Ponty, som var eit sjølv som var radikalt ulikt utgangspunktet i Descartes’ 1600-tallet Frankrike.

Documents