Knyter band mellom studentar og arbeidsliv
Praktisk informasjonsarbeid gir studentane større tru på eigen kompetanse og arbeidskapasitet.
Main content
– Studentane får auga opp for alt dei kan, fortel Ivar Utne, førsteamanuensis i nordisk språk og den sentrale fagpersonen på emnet Praktisk informasjonsarbeid.
Fagmiljøet bak emnet har fått tildelt Sporveugleprisen 2014, Det humanistiske fakultet sin pris for utdanningskvalitet.
Taus kunnskap vert synleg
«Praktisk informasjonsarbeid» er eit av få emne ved fakultetet som kombinerer teori og praksis. Studentane får teoretisk og metodisk innsikt i korleis kommunikasjonsarbeid kan foregå, dei trener på praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver, og har eit praksisopphald i arbeidslivet.
– Det studentane lærer på dei teoretiske bachelorstudia, vert no synleg både for dei sjølve og for framtidige arbeidsgjevarar – ferdigheiter for kommunikasjon og formidling, for vurdering og analyse av fagstoff, tekstproduksjon og evne til å arbeide jamt og trutt og å gjennomføre prosjekt, fortel Utne.
– Å oppdage eigne ressursar er openberring for mange av studentane. Dei er ikkje alltid klar over kva kunnskapar dei faktisk har, seier Kristian Bjørkelo, som både administrerer og underviser på emnet.
«Mitt beste semester ved UiB», «eit gullkanta tilbod til HF-studentar», «ei erfaring eg unner andre studentar», «det luraste emnevalet eg har gjort» og «praksisen gav meg auka sjølvtillit», er nokre av tilbakemeldingane studentane sjølve gir.
Tilpassa praksis
Emnet er meint for studentar på tredje året i eit bachelorstudium og har flest HF-studentar, men også studentar på medieutdanningar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet søkjer seg inn.
Etter intense veker med undervising og skrivetrening innan ulike sjangrar, vert studentane førebudde på ein hektisk arbeidskvardag i informasjons- og kommunikasjonsbransjen. Undervisinga er erfaringsbasert, og faglærarane er rekrutterte frå bransjen.
I fem-seks veker vert studentane utplasserte i ulike kommunikasjonsavdelingar i bergensområdet – i mediebedrifter, i organisasjonar og kulturinstitusjonar, i næringslivet og store offentlege bedrifter – der dei får delta i arbeidskvardagen.
– Vi vurderer studentane i løpet av teoridelen og plasserer dei på praksisplassar der vi ser dei har kvalifikasjonar og talent. Vi ser også på korleis dei oppfyller dei krav og behov dei ulike praksisstadene har. Det er ikkje nødvendigvis slik at dei som studerer teatervitskap, får praksisplass på eit teater. Det kan like godt vere i fiskerinæringa eller i vegvesenet, seier Bjørkelo.
Studentane må setje seg inn i nye tema og formidle stoff dei i utgangspunktet ikkje har kunnskapar om. Praksisstadene får på si side eit friskt blikk og ei ekstra hand til arbeidet.
Ei bransje i utvikling
– Vi som driv emnet har mykje fridom og sjølvstende. Vi tilpassar emnet kvart semester, og utviklar det i takt med bransjen sine behov og dei tilbakemeldingane vi får frå samarbeidspartnarar og praksisplassar, seier Bjørkelo.
– Då vi oppretta emnet i 2004 trudde vi det var brosjyrar vi skulle lage, supplerer Utne. Det har endra seg, men heile tida ligg godt kommunikasjonsarbeid i botn. Det å lage presseskriv og gjere intervju er framleis grunnleggjande kunnskapar.
– Eg har berre gode erfaringar med studentar frå «Praktisk informasjonsarbeid». Eg synest dei er godt førebudde når dei kjem og det er lett å setje dei i arbeid slik at dei får ein praksisperiode som er nyttig, og som gjev eit realistisk bilde av kva som ventar dei i arbeidslivet, fortel Aleksander Valestrand.
Han har vore ansvarleg for praksisstudentar både hjå TV2 og på sin noverande arbeidsplass, kommunikasjonsavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus.
Dessutan synest han det er flott å kunne halde kontakt med universitetet gjennom praksisstudentane.
– Som mogeleg arbeidsgjevar er det viktig for oss at studentane får den kompetansen som er relevant for den «verkelege verda». Ved å ha studentar i praksis får vi vere med å påverke, og det er bra, understrekar han.
Ettertrakta arbeidskraft
Studentane kjem ut av studiet betre rusta til arbeidslivet. Dei får verdifull arbeidserfaring og knyt kontaktar. Fleire har fått deltidsjobbar ved sidan av studiet, og får tilsetjing på praksisstaden etter eksamen.
Mange fortel at attestane frå praksisplassane har vore avgjerande for jobbane dei seinare har fått.
– Eg får stadig vekk telefonar frå arbeidsgjevarar som er på jakt etter gode kandidatar. Du kan godt seie at eg driv arbeidsformidling på si, smiler Kristian Bjørkelo.