Fransk-norsk studiesenter i Caen
Studentar på bachelorprogrammet i fransk kan ta delar av studiet ved studiesenteret i Caen.
Main content
Caen er ein by med litt over 100 000 innbyggarar som ligg i Nord-Frankrike. Caen er kjent for sin mellomalderarkitektur, og som åstad for store kampar under 2. verdskrig. Det er også ein viktig universitetsby, omlag 25 000 studentar studerar ved Université de Caen som er eit av dei eldste i Frankrike.
Institutt for framandspråk arrangerer ulike kurs tilpassa eigne franskemne ved studiesenteret i Caen for studentar på 100-nivå i bachelorprogrammet i fransk. Kurset tar for seg kulturkunnskap, fonetikk og praktiske språkferdigheiter. Følg med på Mitt UiB for meir informasjon om kurs ved studiesenteret.
Det er også mogleg å ta andre kurs i Caen innan både språk, litteratur og kultur. Ta kontakt med studierettleiar på programmet for å få vite meir om innpassing i graden.
Les meir på studiesenteret sine nettsider.