Home
The Bergen Geriatric Research Group / Bergen's Oldest
News

På tide å reise seg opp

Katinka Nordheim Alme disputerer 1.3.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Sedentary behaviour and cerebrovascular disease: molecular mechanisms and the impact of bout duration. ".

Katinka Alme
Photo:
Katinka Nordheim Alme

Main content

Kvifor er det helseskadeleg å sitte mykje stille og kor ofte bør vi røre på oss? I doktorgradsarbeidet sitt undersøkte Alme pasientar var innlagd med hjerneinfarkt tre månadar tidlegare. Ho fann at mykje stillesitting i lange periodar over 90 minutt var kopla til forhøgd langtidsblodsukker ved diabetes. Funnet indikerer at det å bryte opp stillesittande periodar med rørsle kan vere effektivt for å regulere blodsukkeret. Alme fann og at stillesitting var kopla til høgare nivå av betennelsesmarkørar i blodet. Å måle betennelse kan vere vanskeleg. Difor vart det nytta nye typar blodanalysar som ikkje enno er grundig undersøkte med tanke på stillesitting som kan vere nyttige for å undersøke effekten av å redusere stillesitting og auke fysisk aktivitet. I arbeidet sitt undersøkte Alme også kynureninsyre (KA). KA aukar ved betennelse, og rolla ser ut til å vere å gi tilbakemelding til immunforsvaret, som «vatn på flammar», for å redusere skaden på kroppen. Tidlegare funn viser at personar som er fysisk aktive har sterkare KA-respons. I samsvar med dette fann Alme at dei som sit mykje i ro har svakare KA-respons. Til slutt fann Alme at høge nivå av betennelsesmarkørar i blodet var kopla til auka risiko for død. Låge nivå av KA i forhold til graden av betennelse, var også kopla til auka risiko for død. Funna tyder på at produksjon av KA som følge av betennelse i kroppen, kan vere beskyttande, og at lav KA-respons kan vere ei av koplingane mellom stillesitting og sjukdomsutvikling.

Studien er basert på informasjon frå The Norwegian Cognitive Impairment After Stroke Study (Nor-COAST-study) og inkluderer 815 pasientar innlagde med akutt hjerneslag i fem ulike sjukehus i Noreg (2015-2017). Stillesitting vart målt tre månadar etter hjerneslaget ved hjelp av ei databrikke festa på låret i sju dagar. Informasjonen om nytt hjerneslag og død er henta frå Norsk Hjerneslagregister og Dødsårsaksregisterert.

 

Videre info finner du her