Home
Research Group for Medieval Philology

Utsatt: Bokstavinnskrifter i mellomalderen

form og funksjon og eit forskingsprosjekt, Elise Kleivane

C10502
Photo:
Elise Kleivane

Main content

Pga koronatiltak og fordi folk fleste har nå hjemmekontor utsetter vi Elise Kleivanes foredrag. Forhåpentligvis kan vi ønske Elise velkommen i våren! (02.11.2020)

Skriftkulturen i Noreg i mellomalderen var rik. Vi har bevart ei mengd språklege uttrykk som dekkjer mange sjangrar og som er ytra ved hjelp ulike språk (latin og norrønt, og litt nedertysk), skriftsystem (runer og bokstavar) og medium (svært grov inndeling: manuskript og epigrafikk) i forskjellige kombinasjonar.

I forskingsprosjektet Bokstavar mellom runer og manuskript arbeider vi med skriftlege ytringar som ikkje er i manuskript og som er skrivne med bokstavar, med andre ord bokstavinnskrifter. Vi fokuserer både på fysisk utsjånad av bokstavformer, layout og gjenstandstype, samt på kva for tekstar som blir skrivne og kva for funksjon desse ytringane kan ha hatt. Spørsmål som vi drøftar i prosjektet er for eksempel korleis bokstavskrifta blei tillempa det norrøne språket, kvifor bokstavar blir brukte i nokre innskrifter, medan runer blir brukte i andre, og kvifor Dei tre vise menn ikkje blir nemnde med namn i runeinnskrifter, berre i bokstavinnskrifter.

I denne forelesinga vil Elise Kleivane presentere forskingsprosjektet og måla, samt gje nokre døme på (foreløpige) resultat.

Elise Kleivane er førsteamanuensis i skriftkunne og skriftkultur, Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Hun leder forskningsprosjektet Bokstavar mellom runer og manuskript (BRuM). Forelesningen er arrangert av Stefan Drechsler, postdoktor, LLE, UiB.