Lansering av prosjekt om KI og publisering i internasjonal antologi
Nyleg fekk forskargruppa POTENT (Post-Truth English Teaching) ved IF tildelt DEKOMP-midlar for å utvikle prosjektet «Utforskende undervisning med bruk av KI i språkfagene». Kunstig intelligens er eit høgaktuelt tema både i norsk skule og i høgare utdanning. Korleis skal vi lære vekk språk i ei tid der digitale verktøy vert stadig meir avanserte? Framover skal POTENT jobbe aktivt med dette viktige spørsmålet. Og ikkje nok med det – i 2025 publiserer dei også ein internasjonal antologi om engelskundervisning i «the post-truth era».
Main content
DEKOMP-prosjektet: rustar utdanningssektoren for framtida
Av medlemmane i POTENT bidreg professor Aud Solbjørg Skulstad, førsteamanuensis Hild Hoff, førsteamanuensis Sigrid Ørevik, stipendiat Mari Lund Eide og stipendiat Tijana Przulj i det nye DEKOMP-prosjektet. Hoff, som også er med-koordinator i forskargruppa, fortel om vegen vidare.
Slik Hoff understrekar, har framveksten av KI introdusert nye og komplekse problemstillingar i feltet for språklæring. Målet til det nye DEKOMP-prosjektet er difor å utvikle opplæringspakkar med fokus på KI og språklæring, som på sikt skal nyttast i skulen. Forskargruppa er svært oppteken av eit dialogisk samarbeid mellom dei ulike aktørane i prosjektet, og opplæringspakKIkane skal ta form i tett samarbeid med praksisfeltet.
I tråd med dette prinsippet har POTENT mellom anna rekruttert to lærarar med lang erfaring når det kjem til undervisning i teknologirike klasserom. Ein av dei er Terje Pedersen, som vann Gullepleprisen i 2022. Denne prisen vert tildelt av Norsk Pedagogisk Dataforening til pedagogar som har utvikla gode måtar å nytte IKT i undervisning.
Pedersen har saman med Kim Aarberg introdusert VR-teknologi inn i sine klasserom med stor suksess. Denne innovative VR-bruken vert tematisert i eit av kapitla i ein komande antologi redigert av Aud Solbjørg Skulstad, som også er med-koordinator i POTENT. Boka vert publisert av Fagbokforlaget i april 2024 og har tittelen: Current Issues in English Teaching.Vidare skal ikkje berre DEKOMP-prosjektet oppfordre til nytenking rundt KI og språklæring i skulen. Hoff ser òg at dette trengst i høgare utdanning: «me ynskjer å heve vår eigen kompetanse på feltet, samt å betre ruste lektorstudentane våre for framtida». På denne måten håpar POTENT å bidra til naudsynte praksisendringar i høgare utdanning.
KI-debatten: utforskande tilnærming i fokus
Det er mange sterke meiningar rundt KI og undervisning. Trass i at bakgrunnen til DEKOMP-prosjektet er ein polarisert diskurs, har det vore viktig for POTENT å tenkje annleis. Forskargruppa ynskjer å fremje ei utforskande tilnærming til tematikken i prosjektet, og fleire av medlemmane har særleg interesse for utforskande undervisning både i eiga forsking og i deira undervisning i lektorutdanninga. På vegne av forskargruppa seier Hoff følgjande: «det er viktig at DEKOMP-prosjektet tek ei utforskande tilnærming til KI i skulen fordi feltet er nytt, komplekst og prega av hyppig vekst utan tilsvarande retningslinjer». POTENT er oppteken av at det er finst mange måtar å fasilitere læring på, og at det skal være rom for å tenkje nytt kring undervisning av – og forsking på framandspråk. Forskargruppa ser difor på DEKOMP-prosjektet som deira bidrag til eit viktig nybrottsarbeid. Dei vil altså ikkje berre anerkjenne utfordringane KI bringar med seg, men også moglegheitene. Her ser Hoff kompetansen innanfor humaniora som særleg viktig: «vi kan nytte dugleikar humanistar allereie har til å få mest ut av KI med minst mogeleg risiko. DEKOMP-prosjektet har som mål å byggje ei bru mellom det som var og det som kjem i framtida».
I det heile er valet om å forske på KI og språklæring nøye områdd av POTENT. Hoff fortel at problematikken passar godt inn i forskargruppa sine interessefelt, som blant anna omfattar kontroversielle tema, falske nyhende og framveksten av sosiale og digitale ekkokammer. Fagdidaktikarane i POTENT ynskjer å bidra til ei didaktisering av utviklingsarbeidet lærarar allereie gjer i møte med desse problemstillingane i skulen. På denne måten har forskargruppa eit dobbelt blikk på praksisen i norske klasserom og innsikta forsking kan gi i møte med dei nye utfordringane som kjem til syne her.
Ny antologi: forsking og undervisning i ein «post truth era»
DEKOMP-prosjektet er ikkje det einaste jernet POTENT har i elden for tida. Hoff og Skulstad arbeider også med ein internasjonal antologi som vert utgitt av Routledge i 2025. Antologien har arbeidstittelen: The post-truth era and English language education: Fostering critical literacies and interculturality. Fleire kjente namn bidreg som kapittelforfattarar i samlinga, blant anna Professor emerita Hilary Janks (Universitetet i Witwatersrand) som lenge har vore ein toneangivande forskar innanfor feltet kritisk literacy.Den komande antologien er å rekne som oppstartsprosjektet til POTENT. Forskargruppa vart stifta for å reflektere over nye sosiale, kulturelle og politiske omstende som har vakse fram i ein «post-truth era». Omgrepet «post-truth» refererer til fenomenet der skiljet mellom sanning og feilinformasjon vert stadig meir uklårt. Hoff forklarar at vi ser ein aukande tendens til at folk aksepterer argument basert på emosjonar og personleg overtyding framfor «objektive» fakta. Dette inneber at tradisjonelle informasjonskjelder og forsking møter større skepsis enn tidlegare. Framveksten av «fake news» og konspirasjonsteoriar er tydelege symptom på ei slik utvikling. Her har også framveksten av sosiale media og KI vore sentral, noko som knyter antologien og DEKOMP-prosjektet saman under forskingsprofilen til POTENT.
For å lese meir om POTENT og å halde deg oppdatert følgjer du denne lenka: https://www.uib.no/en/rg/potent