Hjem
Forskargruppe for europarett
FIDE

Noregs nasjonale rapport til årets FIDE-kongress

Fleire av medlemane i forskergruppa og BECCLE har i år, som tidlegare år, bidrege til Noregs nasjonale rapport til årets FIDE-Kongress. Kongressen skulle eigentleg finne stad den 20. - 23. mai i Haag, men har blitt utsett på grunn av Covid-19.

Building
Foto/ill.:
Christian Wagner/Unsplash

Hovedinnhold

Tema for årets rapport var delt inn i tre bolkar:

Tema 1: “National Courts and the Enforcement of EU Law – the pivotal role of nationalcourts in the EU legal order.”

Tema 2: “Data Protection – setting global standards for the right to personal dataprotection.”

Tema 3: “EU Competition Law and the Digital Economy – protecting free and faircompetition in an age of technological (r)evolution).”

Medlemane frå forskargruppa og Beccle har vore med å bidra på det første og det tredjetemaet.

Generalrapportøren for tema 1 er professor og Jean Monnet Chair i EU-rett, Michael Dougan, ved Universitetet i Liverpool.

Generalrapportørane for tema 3 er professor i rettsvitskap, Nicolas Petit, og professor i EU-rett, Pieter Van Cleynenbreugel, begge ved Universitetet i Liège.

Førsteamanuensis Ronny Gjendemsjø og postdoktor Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund har, ilag med professor Eirik Østerud frå UiO, skrive Noregs bidrag på tema 3 om norsk konkurranserett og konkurransepolitikk i den digitale økonomien.

I rapporten framhevast det at norske konkurransereglar ikkje har blitt endra etter digitalisering av økonomien, men at det norske Konkurransetilsynet nyleg har fått føringarfrå politisk hald om å prioritere å overvake den digitale økonomien. Det er framleis få saker om konkurranseskadeleg åtferd i digitale sektorar, noko som òg medfører lite praksis på analyseverktøy som marknadsdefinisjon og marknadsmakt.

Rapporten tek føre seg den praksisen som er, og fokuserer blant anna på fusjonssaker i telekom-sektoren, og Telenor-saka om misbruk av dominerande stilling. Vidare tek rapporten føre seg Ski/Follo Taxi-saka om konkurranseavgrensande føremål, og døme på digitale marknader der Konkurransetilsynet har ønskja å verne om konkurransen ved å motsette seg reguleringstiltak, slik som i e-bokmarknaden og e-daglegvaremarknaden.

For Noregs nasjonale rapport, følg denne lenka.

Noregs nasjonale rapport