Hjem
Forskargruppe for europarett
Forskargruppa med forskingsveke i München

Forskargruppa reiser til München

I veke 41 reiser Forskargruppa i Konkurranse – og Marknadsrett på eit 5-dagars opphald ved Max Planck Institute for Innovation and Competition i München. Føremålet med turen er å skape tettare band både fagleg og sosialt i gruppa, og ikkje minst å besøke ein svært anerkjend forskingsinstitusjon innanfor vårt fagfelt.

München
München
Foto/ill.:
Thomas Wolf

Hovedinnhold

I veke 41 reiser Forskargruppa i Konkurranse – og Marknadsrett på eit 5-dagars opphald ved Max Planck Institute for Innovation and Competition i München. Føremålet med turen er å skape tettare band både fagleg og sosialt  i gruppa, og ikkje minst å besøke ein svært anerkjend forskingsinstitusjon innanfor vårt fagfelt.

 

Max Planck vart stifta i 1948 i Tyskland, og er oppkalla etter den tyske fysikaren Max Karl Ernst Ludwig Planck (1858-1947). I dag er dette ein verdskjend forskingsorganisasjon med institutt over heile verda. Institutta er knytt til eit vidt spenn av ulike fagdisiplinar innanfor både naturvitskap, samfunnsvitskap og humanistiske fag. For meir informasjon om sjølve organisasjonen Max Planck, besøk sida


Som ein leiande forskingsorganisasjon, er Max Planck kjend for sine mange bibliotek. Forskargruppa har difor fått tilgang til og vil primært bruke opphaldet på å utforske biblioteket til Max Planck Institute for Innovation and Competition. Her finn ein den tyngste litteraturen og siste nytt på forskingsfronten innanfor immateriell rett og konkurranserett, ikkje berre frå Tyskland og EU, men frå heile verda. Heimesida til Max Planck Institute for Innovation and Competition finn du her.