Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi

Inside out – outside in

På Forskingstorget kan du bli med oss på ei reise over språklege, litterære og kulturelle grenser!

Picture of a map of the world in form of a head wearing a fool's cap.
The Fool’s Cap World Map, ca.1590
Foto/ill.:
National Maritime Museum Collections

Hovedinnhold

Tør du å setje spørsmålsteikn ved dine eigne grenser? – Kvar går grensa mellom eg-et og verda? Eller rettare sagt: kva slags grenser tenkjer vi på då, og korleis er tilhøvet mellom dei? Dette er viktige spørsmål for oss i dag, sentrale også for humanistisk forsking – og det har vore svært viktig i tidlegare tider òg. Korleis kan det vere mogeleg å sjå annleis på verda? Korleis definerer ein rolla si i verda? Ver med på ei reise over språklege, litterære og kulturelle grenser med oss!

Forskningsdagene i Bergen inviterer til Forskningsfest på Festplassen, tema er grenser.

I samarbeid med kollegaar ved Institutt for framandspråk og Universitetsbiblioteket inviterer vi til LLE-stasjonen på Forskningstorget, laurdag 24. september kl. 11:30-16:00.

Les meir om forskningstorget

Velkomen!