Digital breiddeutgjeving | Editio latissima
Editio latissima er eit pilotprosjekt som tek sikte på å knyte saman eksisterande og nye tekstressursar av nordiske mellomaldertekstar.

Hovedinnhold
Prosjektet Editio latissima vil formidle originaltekstar på eitt eller fleire nivå, supplert med fotografiske faksimilar i høg kvalitet. I tillegg kjem det ei omsetjing av teksten til moderne norsk (eller eit anna språk). Dernest vil teksten ha full morfologisk annotasjon, dvs. opplysning om oppslagsform og grammatisk form av alle ord. Vidare kan det vere syntaktisk annotasjon av alle setningane i teksten. Andre typar av innhald er også moglege. Kodinga følgjer dei retningslinjene som er gjevne i The Menota Handbook.
Prosjektet vart oppretta i april 2020 og har som sitt primære mål å vere eit tekstlaboratorium, ikkje ein endeleg publikasjonskanal. Prosjektet omfattar førebels to gammalnorske tekstar, Homilieboka i AM 619 4to og Landslova i Holm perg 34 4to, og ein latinspråkleg tekst, Vita et Passio St. Hallvardi, som ligg føre i fire tekstvitne.
Bak prosjektet står Odd Einar Haugen (UiB) (leiar), Anna C. Horn (UiO), Åslaug Ommundsen (UiB), Robert K. Paulsen (UiB) og Nina Stensaker (UiB).
Den digitale publiseringsløysinga er utført av Paul Meurer ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Det er ei vidareutvikling av hans Corpuscle-applikasjon som allereie er brukt for tekstane i Menota.
Arbeidet med prosjektet held fram i 2022.