Hjem
Reservoarfysikk – Energiteknologi og CO2 lagring (CCUS)

In-situ kvantifisering av CO2 væskestrøm og mobilitetskontroll for betra utnytting og lagring

Neste
Pet CT lab
Foto/ill.:
Bergit
1/2
CO2 inj
Foto/ill.:
Bergit
2/2
Tilbake

Hovedinnhold

Storskala lagring av CO2 er peika ut som ein viktig bidragsytar til å få ned klimagassutslepp framover, og krev at vi tek i bruk ei rekke eksisterande olje- og gassreservoar, der heterogeniteter (som til dømes sprekker) innverkar sterk på strøyming av væske. Spesielt ved injeksjon av CO2: karbondioksid flyt lettare enn væska som allereie er tilstades i reservoaret, og fortrenging av annan væske til fordel for lagring av klimagass kan derfor bli mindre effektiv enn forventa. I dette prosjektet arbeider vi ut ifrå hypotesen om at etablerte mobilitetskontrollmetodar også kan nyttast i forhold til CO2 lagring. Metodar som skum, polymerar og gelè vert ofte nytta som mobilitetskontroll i oljeproduksjon og har også eit stort potensiale i CO2 lagring. Kombinasjonar av desse metodane; som skum blanda med polymerar (polymer-enhanced foam) eller -gelè (foamed gel); kan representere store framsteg innan sikker og effektiv lagring av CO2, men krev grundig undersøking og auka forståing for å bli teke i bruk på større skala. Vi tek i bruk banebrytande laboratorieteknologi for å få innsikt i korleis væskene strøymer, med mål om å tallfeste variasjonar og optimalisere CO2 lagring i ulike porøse medie, og for ulike kombinasjonar av mobilitetskontroll. Vi kan følge væskestraum i porøse medie ved hjelp av avbildning, og med nylig utvikla avbildningsteknologi (PET-MRI) kan vi for fyrste gong visualisere opptil tre ulike væsker samtidig i same porøse system. Det er ein stor fordel når ein skal teste CO2 mobilitetskontroll i ulike porøse system og på ulik skala! Visualisering kan også vere eit viktig verktøy for å demonstrere CO2-lagring for eit større publikum; og bidra til handfast kunnskap om korleis CO2 lagring foregår. Reproduserbare og sikre eksperimentelle resultat på millimeter- og meterskala vert nytta til numerisk modellering og oppskalering; for å kunne sammenligne ny, kombinert mobilitetskontroll med etablerte data for CO2 injeksjon og mobilitetskontroll på feltskala.