Hjem
For ansatte
Kandidat til universitetsstyret - Gruppe C

Even Birkeland

Hovedinnhold

Gjær dei usynlege synlege!   

Eg stiller til val som representant for dei teknisk og administrativt tilsette til universitetsstyret. For å være ei tydeleg stemme for ei modernisering av gruppe C, og for å vere ei stemme for dei som sjeldan blir høyrde i utval og styrer på UiB, nemleg dei teknisk tilsette. Til dagleg arbeider eg som overingeniør ved kjernefasiliteten for proteomikk (PROBE), ved Institutt for biomedisin. Eg har ein ph.d.-grad frå Kvinneklinikken på livmorkreft og har som forskar og postdoktor på Klinisk institutt 1 forska på brystkreft. I botn så er eg utdanna havbruksbiolog.  

Gruppe C er ei brokete gruppe som spenner frå golv til tak i organisasjonen. Skilnaden er stor i utdanningsnivå og løn. Skilnaden er og stor om kven som blir høyrde og kven som er nærmast usynlege. Dei teknisk tilsette er ei stor gruppe på UiB som notorisk blir oversett når løn og makt skal fordelast, dei er sjeldan representert i fakultetsstyra og heller ikkje i styra til fagrørsla ved UiB.  Dette meiner eg at UiB tapar på kvar einaste dag.   

I løpet av dei neste ti åra der tilsette frå etterkrigsgenerasjonen går ut med pensjon vil store delar av gruppe C gå frå å vere lågt utdanna til høgt utdanna. Dette har blitt diskutert i fora både hjå leiinga i UiB og hjå fagforeiningane at her må ein fornye seg , men lite har skjedd. Då spesielt i ingeniørstillingane, altså dei teknisk tilsette som arbeider opp mot forsking og undervisning.    

Tilsette i ingeniørstillingar forskar, rettleiar, publiserer vitskaplege artiklar samstundes som dei tar seg av dei tradisjonelle teknikaroppgåvene som bestilling, vedlikehald og HMS. Ingeniørane er vitskapelege poteter som UiB blandar inn i kvar einaste rett dei serverer.    

I ei tid der midlertidige stillingar er norma ser ikkje UiB at tilsette i gruppe C er ein kontinuitetsberar i forskinga og undervisning.   

Ein kan ikkje stille til val i 2021 utan å nemne Covid19. Pandemien har vært en prøvelse for alle, men har kanskje også leia oss mot modernisering av mange aspekt ved UiB. Eg tenker det vil være viktig å fortsette denne moderniseringa framover. 

Mål for dei neste fire åra:  

  • Det skal bli utrea ein ansiennitetsstige, for korleis teknisk og administrativt tilsette skal klatre i løn og stillingskategori. Liknande den lærarar har i tillegg til lokale lønnsoppgjer.   
  • Utgreie stillingstitlane forskingsingeniør og sjefsingeniør. Desse stillingane er allereie etablert hjå våre konkurrentar i inn og utland.   
  • Utgreie stillinga teknisk/ingeniørsjef på linje med administrasjonssjef ved dei institutta og fakulteta der det er høveleg.   
  •  Rydde opp i stillingstitlane til dei tekniske tilsette.
  • Sjå på gruppe C om den skulle vært delt i tre, på sentralt, fakultets og instituttnivå. Dei tekniske, forskingstekniske og administrative gruppene har gjerne vidt forskjellige behov.   
  • Utdanning skal løna seg også på UiB. Minsteløn for master og ph.d.-grad.    
  • Redusere ovanfrå og ned kommunikasjon, på UiB skal me samarbeida.