Hjem
For ansatte

Erasmus+ undervisningsmobilitet

Undervisningsmobilitet er eit tiltak innan Erasmusprogrammet som alle som underviser ved norske høgre utdanningsinstitusjonar kan nytte seg av.

Hovedinnhold

Denne ordninga gjeld for alle vitskapeleg tilsette ved UiB, også stipendiatar, postdoktorar og midlertidig tilsette. Undervisningsmobilitet gjev gode moglegheiter til å knyte og oppretthalde kontakt med utanlandske kollegaer og lærestader i EU-landa i tillegg til Island, Lichtenstein, Nord-Makdedonia, Serbia og Tyrkia.

Formelle krav

Undervisninga kan vere av ulik form, anten som førelesingar, seminar eller ein-til-ein-undervisning/rettleiing. Det er eit krav at all undervisninga skjer på staden (og altså ikkje på e-post eller liknande). Mobiliteten må vere basert på ein Erasmus+ avtale mellom UiB og partneruniversitetet, og partneruniversitetet må på førehand ha gjort klart kva undervisingsprogram læraren er ansvarleg for. Det er sendeinsitusjonen som vel ut lærarane som skal delta.

Opphaldet må vare i minimum to dagar utanom reise, og det må undervisast i minimum åtte timar. Dersom ein er ute i fleire veker, må det undervisast i minimum åtte timar kvar veke. Det er óg mogeleg å reise på kombinert undervisnings- og opplæringsopphald, og då er kravet til undervisning 4 timar i tillegg til at ein opplæringskomponent må leggast inn i mobilitetsavtalen. Opplæringskomponenten kan vere observasjon, workshop eller jobbskygging. Maks lengde på opphaldet er to månader, men normalt vil ein ikkje få Erasmus-støtte for meir enn ei arbeidsveke (5 dagar).

Før utreise må den tilsette ha ei avtale med hovudmål og venta resultat av opphaldet, samt eit program for mobilitetsperioden (Mobility Agreement, mal lenger nede på sida). Denne avtala skal signerast av både sender- og mottakarinstitusjon før ansattutvekslinga startar.

Avtaleuniversitet

Ta kontakt med internasjonal koordinator/studiekonsulent ved ditt institutt eller fakultet dersom du er i tvil om vi har avtale om undervisningsutveksling med eit aktuelt universitet.

Søknadsfristar

Det er to søknadsfristar i året ved Universitetet i Bergen: 15. september og 15. januar. Det er inga søknadshandsaming utover desse to fristane så det er viktig å søke innan fristen for det følgande semesteret. 

Ta kontakt med administrasjonen på ditt institutt/fakultet dersom du ønskjer å reise på Erasmus undervisningsopphald. Søknaden må kome frå leiar ved instituttet/fakultetet og blir å sende til Erasmus institusjonskoordinator, Studieadministrativ avdeling, i ePhorte, saksnummer 2024/7327. Ein kan bruke Mobility Agreement (under), utfylt og signert av alle partar, som søknad. Utgifter utover Erasmusstipendet må dekkjast av institutt/fakultet.

Europakommisjonen sin reisekalkulator skal nyttast for å finne reiseavstand:

http://ec.europa.eu/programmes/erasmus-plus/tools/distance_en.htm

Erasmusstipendet

Stipendet tildeles etter satsar for opphald og reise etter kva land i Europa du reiser til.

Vertsland og sats for opphald:

Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxemburg, Sverige: 130 € per dag

Austerrike, Belgia, Frankrike, Hellas, Italia, Kypros, Malta, Nederland, Portugal, Spania og Tyskland: 115 € per dag

Bulgaria, Kroatia, Estland, Latvia, Litauen, Nord-Makedonia, Polen, Romania, Serbia, Slovakia, Slovenia, Tyrkia, Tsjekkia og Ungarn: 100 € per dag

Reisesatsar:

Reiseavstand mellom 100 og 499 km: 180 € per deltakar

Reiseavstand mellom 500 og 1999 km: 275 € per deltakar

Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 360 € per deltakar

Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 530 € per deltakar

Reiseavstand mellom 4000 og 7999 km: 820 € per deltakar

8000 km eller lenger: 1500 € per deltakar

Grønn reise Erasmus

UiB ønskjer å redusere klimaavtrykket sitt og vere klimanøytralt innan 2030.  All reiseverksemd, både for studentar og tilsette, vil påverke klimaavtrykket vårt. Erasmusprogrammet har same ønskje om å gjere mobiliteten innan programmet så klimanøytral som mogleg. Derfor er det eigne reisesatsar for dei som vil reise meir klimanøytralt (tog, buss eller bil).

Reiseavstand mellom 100 og 499 km: 210 € per deltakar
Reiseavstand mellom 500 og 1999 km: 320 € per deltakar
Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 410 € per deltakar
Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 610 € per deltakar

Stadfesting og rapport etter opphaldet

For at det skal kunne betalast ut Erasmus-midlar etter ei utveksling må følgande dokumentasjon ligge føre:

Utvekslingsavtale (Mobility agreement)

Stadfesting på undervisningsmobilitet

Signert stipendavtale

Reiserekning

Rapport

Rapporten skal leverast via ei lenke som blir sendt frå EU-kommisjoen til e-postadressa di, etter endt utveksling.

Reiserekning skal leverast på vanleg måte til ditt institutt/fakultet, saman med kvitteringane. Studieadministrativ avdeling vil deretter overføre det tildelte stipendet til instituttet/fakultetet etter at dokumentene nemd over er levert til Erasmuskoordinator.