Har du ein god idé? Søk støtte!
UiB idé gir tilsette og studentar mogelegheit for å søkje støtte til gode innovasjonsidear, som må utviklast og testast før dei blir utvikla vidare.

Hovedinnhold
Er du student og har ein idé om korleis kommunar kan hjelpe innbyggjarane sine på ein betre måte, men du veit ikkje korleis du skal gå fram? Eller er du forskar, og ser at forskingsresultata dine verkeleg kan gjere ein skilnad for folk, eller hjelpe ein industri, men du veit ikkje korleis du skal få gjort det om til eit faktisk produkt? Med UiB idé har universitetet fått et program som kan hjelpe din idé med råd og finansiering, slik at du kan nå målet.
Så mykje kan du søkje om
At ideen må vere innovativ tyder at han må vere knytt til samfunnsnytte og vere ny, samt at det må vere behov for han blant visse brukarar eller samfunnet ellers. Gode idear finst i alle fagmiljø, og kan vere sosiale innovasjonar, innovasjon i offentleg sektor, prosessinnovasjonar, kommersialiseringsprosjekt eller andre typar innovasjon.
Maksimalt støttebeløp er 500 000 kroner for forskarprosjekt, og 100 000 kroner for studentprosjekt. Søknadsfrist i 2025 er 14. februar.
Både forskarar og studentar kan òg søkje om midler til UiB tidleg idé, som rettar seg mot ekstra tidlege prosjekt som seinare kan kvalifisere til hovudtildelinga. Desse midla blir tildelt fortløpande, og har ingen søknadsfrist. Forskarar kan få opptil 100 000 kroner, studentar kan få opptil 25 000 kroner fra UiB tidleg idé.
Last ned søknadsskjemaet og fyll det ut, før du sender det inn ved å trykke på lenka under:
Klikk her for å sende inn din søknad