Hjem
UiB innovasjon
UiB idé

Har du ein god idé? Søk støtte!

UiB idé gir tilsette og studentar mogelegheit for å søkje støtte til gode innovasjonsidear, som må utviklast og testast før dei blir utvikla vidare.

UiB idé logo
Foto/ill.:
Renate Paulsen

Hovedinnhold

Er du student og har ein idé om korleis kommunar kan hjelpe innbyggjarane sine på ein betre måte, men du veit ikkje korleis du skal gå fram? Eller er du forskar, og ser at forskingsresultata dine verkeleg kan gjere ein skilnad for folk, eller hjelpe ein industri, men du veit ikkje korleis du skal få gjort det om til eit faktisk produkt? Med UiB idé har universitetet fått et program som kan hjelpe din idé med råd og finansiering, slik at du kan nå målet.

Så mykje kan du søkje om

At ideen må vere innovativ tyder at han må vere knytt til samfunnsnytte og vere ny, samt at det må vere behov for han blant visse brukarar eller samfunnet ellers. Gode idear finst i alle fagmiljø, og kan vere sosiale innovasjonar, innovasjon i offentleg sektor, prosessinnovasjonar, kommersialiseringsprosjekt eller andre typar innovasjon.

Maksimalt støttebeløp er 500 000 kroner for forskarprosjekt, og 100 000 kroner for studentprosjekt. Søknadsfrist i 2025 er 14. februar. 

Både forskarar og studentar kan òg søkje om midler til UiB tidleg idé, som rettar seg mot ekstra tidlege prosjekt som seinare kan kvalifisere til hovudtildelinga. Desse midla blir tildelt fortløpande, og har ingen søknadsfrist. Forskarar kan få opptil 100 000 kroner, studentar kan få opptil 25 000 kroner fra UiB tidleg idé.
 

Last ned søknadsskjemaet og fyll det ut, før du sender det inn ved å trykke på lenka under: 

Klikk her for å sende inn din søknad

 

Vurderingskriterium

  1. Utfordring. Kva utfordring skal prosjektet løyse, og kva er tilnærminga til eller løysinga på denne? Kor innovativ er idéen? Kva er nytt? Kor kreativ og ambisiøs er han? Kor solid og modent er forskingsgrunnlaget for idéen? Kor stor er forbetringa i høve til eksisterande løysingar? 
  2. Verdiforslag. Kva er verdien av innovasjonen for den tiltenkte sluttbrukaren og den potensielle verknaden av innovasjonen på samfunnet, hvis han blir realisert. Kva er mulege bruksområde? 
  3. Hovedleveransen av prosjektet. Konkret forklaring av kva ei vellukka gjennomføring av prosjektet vil levere.
  4. Oppfølgingsplan. Kva vil ei vellukka gjennomføring av UiB idé-prosjektet vil muleggjere, og kva skal gjerast med hovudleveransen etter prosjektslutt? Skisser potensielle oppfølgingsplanar og framtidige samarbeid som er naudsynte for å nå måla. Korleis kan prosjektets resultat tas vidare til dei tenkte sluttbrukarane? Kva neste trinn i innovasjonskjeden vil vere tilgjengeleg, og kor realistisk er langsiktig realisering av innovasjonen etter at prosjektet er avslutta i UiB idé?
  5. Prosjektgruppa. Korleis er denne sett saman, og kva kompetanse har ein? (søkjar, laboratorium/forskingsgruppe der prosjektet er forankra, potensielle samarbeidspartnarar og rådgivarar; komplementaritet og innovasjonskompetanse i gruppa). I kva grad finst det ein plan for å involvere relevante eksterne aktørar (partnarar, kundar, interessentar, investorar, mentorar, samfunnsaktørar, etc.). 
  6. Prosjektplan og budsjett. Kva er måla, milepælar, budsjett risiko og risikoreduserande planar, etc. Kor sannsynleg vil dei skisserte måla oppnåast ved å følgje prosjektplanen?I kva grad er budsjett og finansieringsplanar realistiske, kostnadseffektive og tydeleg forankra i planane og ressursbehovet til budsjettet? 
  7. Etikk og berekraft. Kva spørsmål knytte til forskings- og samfunnsetiske krav stiller prosjektet, der dette er relevant? For søknadar med lik kvalitetsvurdering vil effekt på berekraft og miljø blir brukt til å prioritere. 

Søkarar som oppfyller kriteria kan bli inviterte til å presentere prosjektet for ein komite av interne og eksterne medlem, som leverer ei innstilling til UiB-leiinga. Les meir om vurderinga i programnotatet for UiB idé.

Du kan søkje om støtte til:

  • Materialer/utstyr
  • Kostnadar knytte til innhenting av ekstern kompetanse
  • Lønsmidlar (kun for tilsette og eksterne konsulentar)
  • Leige av inkubatorplass
  • Kostnadar knytte til prototyping (tilsvarer TRL 3 i teknologiske prosjektar/proof-of-concept)

Kostnadar som ikkje blir dekka:

  • Patenteringskostnadar kan berre dekkast i studentprosjekt
  • Kostnadar knytte til grunnforskingsaktiviteter 
  • Kostnadar knytte til utviklingskostnader i seinare fasar
  • Kommersialiserings-, marknadsførings- og kommunikasjonsaktivitetar

Merk at som hovedregel skal alle innkjøp gjøres gjennom innkjøps- og fakturaløsningen. Prosjektlederen må kontakte seksjon for innkjøp om innkjøp på mer enn 100 000,- NOK eks mva. Les mer informasjon her. 
 

UiB tidleg idé

Både vitskaplegege tilsette og studentar kan søkje om midlar frå UiB tidleg idé. 
Forskarar kan få opptil 100 000 kroner, studentar kan få opptil 25 000 kroner fra UiB tidleg idé.
Desse søknadane vil bli avgjorde av FIA fortløpande. Målet er å få fram idear i ein svært tidleg fase. Med UiB tidleg idé er det eit ønskje å nå ut til fleire fagmiljø, og gjere det lettare å få innovasjonsprosjekt modne nok til å kvalifisere for andre midlar, slik som ei tildeling frå UiB idé eller STUD-ENT.
 

Rettane til ideen:

Ideen din er trygg hos oss: Handsaminga av din idé vil vere konfidensiell, og innhaldet av ideen vil ikkje bli røpt til uvedkommande. Merk at tittel og samandrag må kunne publiserast offentleg, så ikkje skriv noko som må vere hemmeleg der. Immaterielle rettar (intellectual property rights - IPR) er noko av det ein kan utforske i prosjektperioden. Det er generelt ikkje eit krav om at du må ha utfylt ei melding om oppfinning (ofte kalla DOFI - disclosure of invention) når du sender inn søknad til UiB idé.

For prosjekt det er aktuelt å søkje patent om er det viktig at ideen ikkje er publisert eller offentleggjord, til dømes i artiklar eller presentasjonar på konferansar.

Generelt er det slik at tilsette delar eigarskap til ideen med arbeidsgivar, mens studentar i utgangspunktet eig heile ideen sjølv. Les meir om temaet her, og ta gjerne kontakt med Yves Aubert dersom du har spørsmål om rettane til ideen! 

Eksempel 1: Hjelpesiden.no - Finn hjelp for din utfordring

Psykologistudentene Frida Røvik, Mari Aune og Elin Hanevik var bekymret for mangelen på oversikt og tilgang til psykiske helsetjenester for mennesker i nød, pårørende og helsepersonell. Studentene brukte UiB idé som startpunkt for å utvikle ideen om en nasjonal tjeneste der brukere kan finne digital hjelp via telefon, e-post og chat. De samarbeidet med en ideell organisasjon, The Human Aspect, for å bygge hjelpesiden.no. Hjelpesiden er det første tilbudet i Norge som gir en oversikt over det fragmenterte landskapet av psykiske helsetjenester og gjør helseressurser mer tilgjengelige for både brukere, helsepersonell og offentlige etater. Under UiB idé-prosjektet etablerte og testet Frida, Mari og Elin sin nettbaserte prototype. Etter prosjektets slutt fortsatte The Human Aspect å drifte hjelpesiden, noe som gjør tjenesten bærekraftig og tilgjengelig for brukere på lang sikt.

Eksempel 2: En ny bioreaktor for 3D ekspansjon av celler for regenerativ beinterapi

Stamcellebasert terapi er i ferd med å bli en lovende metode for beinregenerering, da den adresserer begrensningene ved dagens behandlinger. Å ekspandere stamceller kan imidlertid være utfordrende. Problemer inkluderer langsom cellevekst og tap av deres evne til å regenerere (multipotens) når de dyrkes i konvensjonelle 2D-kulturer. I tillegg krever produksjonen av disse cellene spesielle GMP-laboratorier (Good Manufacturing Practice), som er kostbare både for pasienter og samfunnet.
For å løse disse problemene har forskeren Shuntaro Yamada utviklet en plan for en ny 3D-celleekspansjonsbioreaktor som oppfyller GMP-krav. Denne bioreaktoren reproduserer forholdene inne i bein ved å påføre væskestrømstress og belastningskrefter. Den justerer også automatisk miljøfaktorer som temperatur, gassnivåer og trykk for å redusere behovet for menneskelig inngrep. Dette bidrar til at stamcellene beholder sine regenerative egenskaper under ekspansjonen og sikrer at de produseres i klinisk kvalitet.
I tillegg tilbyr systemet unike forskningsmuligheter ved å replisere kroppens mekaniske miljø, noe som potensielt kan redusere behovet for dyreforsøk. Hvis det lykkes, vil det skape et solid grunnlag for beinregenerering.

Bioreaktor presentert på UiB innovasjonsfestivalen 2024
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Eksempel 3: Urban Ocean - Utnytte lavtrofiske arter for renere vann i byfjordene

Studenter i havteknologi Axel Nybakken, Thord Håkon Bakke, Martin Bua Rønhovde, Victoria Helsengreen og Aksel Borge Harbo etablerte selskapet Urban Ocean, hvor de benytter lavtrofiske marine arter som et slags naturlig renseanlegg i havet. Etter UiB idé prosjektet, har Innovasjon Norge gitt dem 1 million kroner til arbeidet gjennom STUD-ENT ordningen.
Urban Ocean dyrker lavtrofiske marine arter for å rense vannet og øke biodiversiteten i byfjordene. Dette gjør de ved å sette ut strømper med blåskjell og liner med tare som filtrerer vannet for partikler, tar opp nitrogen og fosfor, og skaper naturlige skjul for dyrelivet. Dette bidrar til renere vann slik at livet i havet trives bedre og vi får et fungerende økosystem. Et av deres siste prosjekter har som mål å revitalisere de marine økosystemene ved Store Lungegårdsvann i Bergen. Prosjektet er direkte knyttet til initiativet for en renere havn i samarbeid med Bergen Kommune.

Mer informasjon om Urban Ocean: 

Video om Urban Ocean

Produsent:
Håvard Kroken Holme/ UiB