Aftenposten vs. Dagbladet
Dette er eit pressehistorisk prosjekt. Det knyter saman to medium og er oppteke av det relasjonelle, framfor det den spesifikke historia til det enkelte mediet. Det er Aftenposten og Dagbladets forhold til den norske politiske historia som meir presist er fokuset. Gjennom dette vil relasjonar mellom avisene, relasjonen til journalistikken og pressa si utvikling og til andre sentrale felt i samfunnet kunna visast
Hovedinnhold
Prosjektleder: Førsteamanuensis Lars Arve Røssland
Inntak til forståing av avisenes politiske rolle i det 20. hundreåret: Aftenposten mot Dagbladet gjennom (nesten) 150 år
Dei trykte avisene har gjerne hatt si stordomstid, men til gjengjeld var den rolla avisene spelte i forhold til politikken til tider stor, til andre tider formidabel i perioden frå avisene blei (parti-)politiserte og dei følgjande om lag hundre åra. Samtidig har den politiske dimensjonen vore svært sentral i norsk pressehistorie – og meir sentral enn i mange andre land.
Andre aviser har spelt mindre og større roller i delar av denne perioden. To aviser har hatt etter måten sentrale roller i heile perioden: Aftenposten og Dagbladet. I tillegg har dei to avisene vore politiske og ideologiske motpolar i store delar av denne perioden. Formulert annleis kan dette kallast ein konkurranse gjennom pressa om politikk og ideologi.
Aftenposten kom med si første utgåve 14. mai 1860, Dagbladet med si 2. januar 1869. Og frå slutten av 1860-åra var institusjonaliseringa av det politiske landskapet her i landet i full gang, både på Stortinget og mellom politiske aktørar utanfor, der pressa etter kvart fekk ei kjernerolle. Førstninga av andre halvdelen av 1800-talet innebar også auka aviskonkurranse. Eit resultat av den auka konkurransen var ”den ide at avisen tjente et formål og skulle fylle en rolle i den offentlige debatt utover det forretningsmessige” (Høyer 1995: 220). Aftenposten hadde inga eksplisitt politisk posisjonering ved starten i 1860, då den politiske institusjonaliseringa her i landet var heilt i starten. Då Dagbladet starta opp i 1869 inntok avisa ei eksplisitt politisk posisjonering frå første stund, 1869 innebar også det ein kan kalla starten på klimakset til den politiske institusjonaliseringa her i landet.
Prosjektet kan sjåast på som eit politisk-relasjonelt prosjekt om Aftenposten og Dagbladet si politiske rolle gjennom nesten 150 år. Det handlar om avisenes sentrale politiske posisjoneringar i norsk pressehistorie. Eit døme som kan belysa forholdet mellom Dagbladet og Aftenposten, er haldningane og tankegangen mellom Aftenposten sine eigarar i spørsmålet midt på 1960-talet om å kjøpa og overta middagsavisa Verdens Gang (VG). Det vart gjort ei rekkje overlegningar om dette mulege oppkjøpet i fasen før overtakinga, men éin viktig faktor var den politiske. Aktørarar i og rundt Aftenposten ønskte at Verdens Gang kunne nyttast som ei politisk og ideologisk motvekt til det Dagbladet stod for:
Det mer dyptgående motiv for beslutningen om å gå over til middagsavis, skrev Sjur Lindebrække til skipsreder Anders Jahre i oktober 1951, ”er at Verdens Gang mer vil kunne fylle sin samfunnsmessige oppgåve ved å ta opp konkurransen med Dagbladet, hvis innflytelse på folkeopinionen dog er blitt ganske stor”. I den økonomiske politikken ble Dagbladet, av borgerlige politiske aktører, slått i hartkorn med arbeiderpressen og Arbeiderpartiet. Og det var denne politikken det gjaldt om å bekjempe; en politikk Lindebrække beskrev som ”ikke den ortodokse form for sosialisme med krav om statseie av alle private bedrifter, - men den gjennomførte reguleringspolitikk som Lex Thagaard…” (Eide 1998: 196)
Martin Eide skriv om VG som fekk nye eigarar og nye og forbetra økonomiske rammevilkår til å veksa seg stor og sterk, slik at avisa verkeleg kunne ta opp konkurransen med Dagbladet. I praksis blei dette likevel i større grad ein laussals- og marknadskonkurranse og i langt mindre grad ein presseideologisk eller politisk konkurranse. Delvis skuldast dette den felles populærjournalistiske plattforma som laussalsaviser arbeider frå og delvis skuldast det at den politiske fasen i norsk pressehistorie er annleis og gradvis mindre framtredande i peroden etter 1967. Odd Raaum peikar, til dømes, ut 1972 som det symbolsterke snunadsåret før partipressa i Norge (Raaum 1999: 12f.).