Hjem
Matematisk institutt
Dag Tjøstheim 70 år

Markering av professor Dag Tjøstheim sin 70-årsdag

Dag Tjøstheim vart laurdag 19. september 70 år, og tysdag 22. september var kollegaer samla på Matematisk institutt for å markere dagen.

Dag Tjøstheim og instituttleiar Sigmund Selberg
Instituttleiar Signund Selberg gratulerer Dag Tjøstheim med 70 års dagen.
Foto/ill.:
Elin Arntzen

Hovedinnhold

Tysdag 22. september møtte omlag femti noverande og gamle kollegaer opp for å feire Dag Tjøstheim sin fødselsdag, og mimre over ein lang og innhaldsrik akademisk karriere. Talarane slo fast Dag er ein særs dyktig og hardtarbeidande forskar, men ikkje minst også ein svært godt likt kollega.

Dag starta sine år ved UiB som student innan anvend og berekningsorientert matematikk. Etter å ha tatt doktorgrad ved Princeton og tok han turen innom NORSAR og NHH, før han kom tilbake til UiB i 1980. Han har sidan vore tilsett som professor i statistikk ved Matematisk institutt.

I sine 35 år ved instituttet har Dag rettleia tallaust mange master- og doktorstudentar innan ei lang rekkje fagfelt. I 2003 vart han også kåra til årets førelesar ved fakultetet, noko som syner at han ikkje berre er godt likt av sine kollegaer, men også av studentane han føreleser for.

I løpet av karrieren har Dag publisert over 100 vitskaplege artiklar, og fekk i 2009 Sverdrup-prisen innan statistikk som framifrå representant for statistikkfaget. Han er også medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Dag blir no professor emeritus ved instituttet.