Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
ERC Consolidator Grant

Skal utforske havstraumane si motstandsdyktigheit

Kjetil Våge og ROVER leiter etter følgjene av klimaendringar langs isen utanfor Aust-Grønland. Det europeiske forskningsrådet støttar han med det høgthengande stipendet ERC Consolidator Grant.

Kjetil Våge på RV «Knorr»
Kjetil Våge ombord på RV «Knorr».
Foto/ill.:
Sindre Skrede

Hovedinnhold

Stabiliteten til havstraumane i Atlanterhavet er viktig for oss nordmenn, som ei av dei viktigaste varmekjeldene for livet langs den lange kysten vår. Men kva vil hende med havsirkulasjonen i eit varmare klima? Diskusjonane rundt dette har gått heite i forskarmiljøet.

Det europeiske forskingsrådet, ERC, ynskjer også å vite meir om dette, og har difor tildelt eit prestisjefylte Consolidator Grant til professor Kjetil Våge ved UiB og Bjerknessenteret for å undersøke det nærare.

– Det er veldig kjekt når ein får det positive svaret, seier ein smilande Våge.

ROVER undersøker havstraumane

Prosjektet hans har fått namnet «Resilient northern overturning in a warming climate», eller ROVER blant vener. Målet er å finne ut kor motstandsdyktig havstraumane er mot endringar i klimaet, og spesielt reduksjonen i sjøis om vinteren.

– Eit av hav- og klimaforskinga sine store uløyste spørsmål er korvidt havet i nord er «årsak» eller «verknad» i klimasystemet, seier professor Tor Eldevik, instituttleiar på Geofysisk institutt ved UiB.

– Påverkar isens tilbaketrekking Golfstraumen? Eller er det global oppvarming i seg sjølv via Golfstraumen som endrar Arktis? Her håper eg Kjetil kan hjelpe oss med gode svar etter kvart som prosjektet skrider fram.

Han trekker fram kor viktig forskinga sin tilgang på infrastruktur som supercomputerar og tid på forskingsfartøy er i forsking som dette, og kor sentralt det er for å halde klimaforskingsmiljøa i Bergen leiande på sine felt.

ROVER fokuserer på området vest for Grønlandskysten (markert raud firkant), der iskanten har trukke seg tilbake, men havstraumane framleis dannar kaldt djupvatn. (Illustrasjon: Kjetil Våge)

ROVER fokuserer på området vest for Grønlandskysten (markert raud firkant), der iskanten har trukke seg tilbake, men havstraumane framleis dannar kaldt djupvatn. (Illustrasjon: Kjetil Våge)

Foto/ill.:
Kjetil Våge

Omveltningssirkulasjonen i det nordlige Atlanterhavet (AMOC) er namnet på det store havstraumsystemet som fraktar vatn frå ekvator mot nord i overflaten, og kaldt, tett vann i dypet mot sør igjen, i ein evig sirkel. Både Golfstraumen og den nordatlantiske straumen er ein del av dette.

Dei arktiske områda er nokre av dei som har hatt størst auke i temperatur dei siste 50 åra, som gjer seg tydeleg til syne i sjøisens endring her.

Ny kunnskap om havets sirkulasjon

Spesielt ser ROVER på påverknaden minkande is på austkysten langs Grønland har på danninga av det kalde djupvatnet i AMOC. Noko av det særeigne her er at havstraumen følgjer kontinentalsokkelen langs marginaliskanten, og straumen blir i aukande grad isfri.

– Når vatnet er under isen, er det lite varmeutveksling med lufta over. Når iskanten flytter seg, blir ikkje straumen forflytta, men den totale avkjølinga av vatnet i straumen vil auke. Dette blir ikkje oppfatta av klimamodellar, fordi dei ikkje har  tilstrekkelig oppløsning i sine modelleringar, forklarar Våge.

Korleis blir danninga av det kalde djupvatnet påverka når isen trekker seg bakover? Dette skal ROVER undersøke nærare. (Illustrasjon: Kjetil Våge)

Når havstraumen passerar under områder utan is, vil det i utgangspunktet opne for meir varmeutveksling med atmosfæra over. Korleis blir danninga av det kalde djupvatnet påverka når isen trekker seg bakover? Dette skal ROVER undersøke nærare. (Illustrasjon: Kjetil Våge)

Foto/ill.:
Kjetil Våge

Klimapanelet forventer ei svekking av AMOC, men hypotesa til Våge er at den manglande isen styrkar danninga av det kalde djupvatnet. Målet er å finne ut kor mykje kaldt djupvatn som dannar seg i området under der det før pleide å vere konstant havis. Kan det til og med styrke AMOC? Følgjene av kunnskapen gjer forskaren nysgjerrig:

– Potensielt får det innverknad på vår grunnleggjande forståing for AMOC, og korleis den endrar seg i eit varmare klima. Kanskje det også kan hjelpe oss nærare ei forståing for vippepunkta i Nord-Atlanteren?

Nybrottsarbeid langs Grønlandskysten

– Kjetil er ekspert på havstraumane i Nord-Atlanteren og har alt bidrege tungt til ny forståing av denne sentrale delen av det globale klimasystemet, seier Kikki Kleiven, direktør på Bjerknessenteret. 

Ho gratulerar hjarteleg, og seier heile bjerknesmiljøet er stolt på hans vegner.

– Det er viktig for Bjerknessenteret, men også for samfunnet at Kjetil no får moglegheita til å bygge opp si forskingsgruppe og internasjonale forskingsaktivitetar på havstraumar ytterlegare.

I ROVER skal forskararne observere straumane og dypvannsdannelsen medan den foregår, både gjennom vintertokt med isbrytar, og gjennom fortøyingssensorar – såkalla målerigger – på tvers av kontinentalskråningen øst for Grønland, og glidere – autonome undervannsfartøy. Gode data herfrå vil vere nybrottsarbeid, og er kritiske for forståinga vår av dypvannsdannelsen i området

I 2015 fekk han og laget hans eit rekrutteringsstipend frå Bergens forskningsstiftelse, no Trond Mohn-stiftelsen. Den gongen for å søke ei djupare forståing av havet som kjem inn i dei nordiske hava strøymer nordover. Dette arbeidet la grunnlag for ROVER.

Tor Eldevik og Kikki Kleiven

Professor Tor Eldevik, instituttleiar for Geofysisk Institutt, UiB og Kikki Kleiven, direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking, gratulerar. 

Foto/ill.:
Gudrun Sylte

Resultat av ein laginnsats

For å nå opp til toppen i ERC-systemet må ein gjennom to rundar med det europeiske forskingsrådet og ein heil del venting, og etter eitt år fekk han endeleg svaret han ynskja.

Våge trekker fram ERC-søknaden som ein laginnsats, som ikkje hadde gått åleine:

– Eg er veldig takknemleg for alle frå Geofysisk institutt som har stilt opp, støtta prosjektet, og bidrege med mykje inn mot søknaden. Mange har vore involvert, både frå det administrative og samarbeidspartnarar i det faglege.

– Det er utruleg gledeleg at det er så mange som har bidrege kvar gong ein hjå oss lukkast, seier Eldevik, som trekker fram at Christian Gebhardt ved GFI og Bergen Offshore Wind også fekk Consolidator Grant denne runden.