Forskingsfest på Festplassen
Laurdag 21. september inviterer Forskingsdagane i Bergen 2013 til Forskingstorg på Festplassen. Fakultetet er representert med to av stasjonane, der du både kan møte verdas farlegaste dyr og delta i jakta på kreften.
Hovedinnhold
På Forskingstorget får alle høve til å prøve ut, spørje, diskutere, undre seg eller la seg overraske saman med engasjerte forskarar frå fleire titalls forskingsmiljø i Bergen. UiB har fleire stasjonar, og to av desse høyrer til på Det medisinsk-odontologiske fakultet.
Verdas farlegaste dyr:
Senter for internasjonal helse (SIH), Institutt for global helse og samfunnsmedisin, vil syne at det farlegaste dyret i verda verken er løve, krokodille, hai eller slange.
Meir informasjon om stasjonen til SIH.
Jakten på kreften:
Kreft er ein sjukdom som påverkar oss alle på ulike måtar. På Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) arbeidar dei med å kartlegge såkalla biomarkørar som kan fortelje oss nøyaktig kva krefttype ein pasient har.
Meir informasjon om stasjonen til CCBIO.
Tid: Laurdag 21. september kl. 11.30-16.00
Stad: Festplassen, Bergen sentrum.
Forskingstorget er gratis.
Les meir om heile arrangementet på Forskingsdagane sine sider her.