Heidra for sitt talent for å skape godt læringsmiljø
Evne til å ta vare på studentane og å skape trygge, gode undervisningsrammer var noko av grunngjevinga då professor Anne Berit Guttormsen fekk læringsmiljøprisen 2014 ved Universitetet i Bergen.
![Anne Berit Guttormsen (i midten), Håvard Landsdalen (t.v.) og Marius Berge (t.h.)](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/aku101-41.jpg?itok=nfuobQrk×tamp=1418205428)
Hovedinnhold
Læringsmiljøprisen blei delt ut tysdag 10. desember til professor II Anne Berit Guttormsen (Klinisk institutt 1).
- Dette er ein pris me har vunne saman! seier Guttormsen til Aktuelt ved UiB. - Eg hadde ikkje klart å skape det læringsmiljøet me har i dag utan støtte frå kirurgisk seviceklinikk, Ferdighetssenteret, studentane, Norsk folkehjelp avdeling Haukeland og Bergen Akuttmedisinske studentforeining (BAMS), understrekar Guttormsen.
Prisen på 50.000 kroner skal gå til å betra den akuttmedisinske undervisningen, samt ei påskjønning til dei som har hjelpt til, fortel Anne Berit Guttormsen i eit intervju med På Høyden.
Grunngjevinga frå juryen er mellom anna at Guttormsen «utmerker seg ved å legge til rett for et godt læringsmiljø for studentene gjennom en sterk faglig, pedagogisk og sosial innsats.»
Fakultetet gratulerer!