Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Prisvinnar

Heidra for sitt talent for å skape godt læringsmiljø

Evne til å ta vare på studentane og å skape trygge, gode undervisningsrammer var noko av grunngjevinga då professor Anne Berit Guttormsen fekk læringsmiljøprisen 2014 ved Universitetet i Bergen.

Anne Berit Guttormsen (i midten), Håvard Landsdalen (t.v.) og Marius Berge (t.h.)
Prisvinnar for læringsmiljø, Anne Berit Guttormsen (i midten) rettar ein særskild takk til mellom andre Håvard Landsdalen (t.v.) og Marius Berge (t.h.) som har vore sentrale for gjennomføringa av det nye studieemnet AKU101.
Photo:
Anders Lund, UiB

Main content

Læringsmiljøprisen blei delt ut tysdag 10. desember til professor II Anne Berit Guttormsen (Klinisk institutt 1).

- Dette er ein pris me har vunne saman! seier Guttormsen til Aktuelt ved UiB. - Eg hadde ikkje klart å skape det læringsmiljøet me har i dag utan støtte frå kirurgisk seviceklinikk, Ferdighetssenteret, studentane, Norsk folkehjelp avdeling Haukeland og Bergen Akuttmedisinske studentforeining (BAMS), understrekar Guttormsen.

Prisen på 50.000 kroner skal gå til å betra den akuttmedisinske undervisningen, samt ei påskjønning til dei som har hjelpt til, fortel Anne Berit Guttormsen i eit intervju med På Høyden.

Grunngjevinga frå juryen er mellom anna at Guttormsen «utmerker seg ved å legge til rett for et godt læringsmiljø for studentene gjennom en sterk faglig, pedagogisk og sosial innsats.»

Fakultetet gratulerer!