Hjem
Aktuelt
Tildeling frå Kunnskapsdepartementet:

1,4 millionar kroner er på veg til studentane i vest

Kunnskapsdepartementet har løyva i alt ti millionar kroner som skal gå til ulike sosiale tiltak.

bilde av sydneshaugen skole
Mange studentar saknar tida då ein kunne møte til forelesing, og ha eit aktivt sosialt studentliv på Nygårdshøyden. Regjeringa har løyva i alt 10 millionar kroner til tiltak som skal gjere tilværet betre for landets studentar.
Foto/ill.:
UiB.no

Hovedinnhold

Studentsamskipnaden Sammen er ein av dei som får mest. Nyheita om at 1,4 millionar kroner er sett av til soisale tiltak blir tatt godt imot ved UiB.

– Dette er gode nyheiter for studentane på Vestlandet, seier Sandra Lid Krumsvik, leiar av Studentparlamentet i Bergen.

Planlegginga har starta

Oddrun Samdal, viserektor for utdaninng, fortel at studentsamskipnaden Sammen er i gang med å planlegge tilboda studentorganisasjonen vil gje studentane.

– Desse pengane vil raskt kome i arbeid. UiB vil også kunne stille med smittevernvakter og rådgjeving innan smittevern når det blir aktuelt med fysiske samlingar, seier Samdal.

Rektor: - Samkjensle og psykisk helse

Rektor Margareth Hagen også at midlane vil gjere tilværet lettare for mange studentar.

– Eg set enormt pris på denne nyheita og pengane. Den psykososiale situasjonen for studentane er vanskeleg, og mange studentar får eit svakare nettverk. Eit studiemiljø skal gje ei kjensle av fellesskap, av å høyre til og av deltaking. Ressursar som kan brukast til å fremje samkjensle og psykisk helse er utruleg viktig.

Portal med tips og råd

UiB har lansert ein portal med råd til korleis studentane kan få ein betre kvardag i periodar med sosiale restriksjonar og digital undervisning. Sidan portalen Vær god mot deg selv blei lansert i november, har den hatt over 25 000 besøkande.

(Portalen "Vær god mot deg selv" er avslutta)