BEA-festivalen 2021
Bergen Entrepreneurship Academy (BEA) er ei felles utdanningssatsing innan innovasjon og entreprenørskap frå HVL, NHH og UiB. Bli med på den første BEA-festivalen frå 15.-19. mars.
Hovedinnhold
Målet med Bergen Entrepreneurship Academy (BEA) er å utvikle utdanningstilbodet innan innovasjon på tvers av dei tre institusjonane, og å legge til rette for studententreprenørskap. Slik skal samarbeidet styrke studietilbodet på Vestlandet innan dette området.
- Les meir om BEA her: Ny storsatsing på studententreprenørskap på vestlandet.
Med BEA-festivalen 2021 vil samarbeidspartnarane skape felles aktivitet rundt innovasjon og entreprenørskap. Festivalen skal gje fagleg inspirasjon og synliggjere noko av det nyskapande arbeidet som vert gjort på dette feltet på dei tre BEA-institusjonane.
– Å fremje berekraftig og ansvarleg innovasjon er eit høgt prioritert område for oss, og det er gledeleg at utdanningsinstitusjonane i Bergen har funne saman og lyftar studentinnovasjon på denne måten, seier Margareth Hagen, rektor ved UiB.
Grunna koronasituasjonen er årets festival heildigital og open for alle.
- Sjå programmet og meld deg på dei ulike arrangementa her.
- Meld deg også gjerne inn i Facebook-arrangementet for BEA-festivalen.