Hjem
Aktuelt
Sykkelvenleg universitet

Bli med på årets sykkeldag ved UiB!

På den årlege sykkeldagen ved UiB 19. april, vil profesjonelle reperatørar gje sykkelen din gratis service ved Studentsenteret. Dagen er også starten på årets Sykle til jobben-kampanje.

Sykkelvennlig universitet
19. april kan du få gratis service på sykkelen din utanfor Studentsenteret. Biletet er frå fjorårets sykkeldag ved UiB.
Foto/ill.:
Ole M. Kvamme, UiB

Hovedinnhold

I samarbeid med Bergen Live og Miljøløftet set UiB også i år opp sykkelverkstad ved Studentsenteret tirsdag 19. april, klokka 11-16. Her blir det også utdeling av gratis bollar og kaffe.

Når du finn sykkelen fram igjen etter ein lang vinter, ser du kanskje at det er behov for å justere bremser og gir, eller smøre kjedet? Møt opp utanfor Studentsenteret - og få gratis hjelp av proffe sykkelreperatørar. Tilbodet gjeld enkel service, ikkje større reperasjonar.

  • Sykkeldagen er også startskotet for aktivitetskampanjen «Sykle til jobben 2022». Meir informasjon og påmelding til kampanjen finn du her
  • Ønsker du som student eller tilsett ved UiB eit gratis årsabonnement på Bergen Bysykkel? Det kan du søke om her. Tiltaket er støtta av Klimafondet ved UiB.

Bakgrunn

Universitetet i Bergen har mål om å bli eit klimanøytralt universitet innan år 2030. Det betyr at klimagassutslepp knytt til reiser, innkjøp, bygg og arealbruk skal bli redusert med 89 prosent dei komande åra.

Med nær 20.000 studentar og 4000 ansatte, vil tiltak som fremmar miljøvenlege reiser til jobb og studier vere viktige tiltak på vegen mot målet.

Grunna arbeidet med å legge til rette for syklistar på campus, vart UiB som første universitet i landet sertifisert som Sykkelvenleg universitet av Syklistenes Landsforbund i 2021.

Å bli sertifisert som Sykkelvennlig betyr mellom anna at universitetet har fokus på å legge til rette for at studentar og tilsette skal sykle til jobb og studier, til dømes ved å utbetre sykkelparkeringar og garderobar.

Tiltak

Det siste året har UiB gjort ei rekkje tiltak for å betre kvardagen for syklistar på campus, til dømes:

  • Sykkelhusa i Realfagbygget, Fysikkbygget, ved Alrek helseklynge og i BB-bygget har alle fått betre tryggleik, nye servicestasjonar og ladeskap for el-syklar.
  • Ny servicestasjon og ladeskap vert montert i Jekteviksbakken 31 (Jus 2).
  • Sykkelgarderobe i Jus 2 og i Ulrike Phils hus er under bygging.
  • Eigedomsavdelinga har søkt om midlar til å oppgradere fire øvrige sykkelhus, og oppgradering av garderobar, dusj og tørkerom i Thormøhlensgate 55.
  • Det medisinske fakultet har fått midlar til nytt sykkelhus ved Armauer Hansens Hus.
  • Musehagene har fått midlar til nytt sykkelskur ved botanisk hage på Milde.