Hjem
Aktuelt
Nyhet

Ny avtale skal gi EU-midlar og europeisk samarbeid

– Vestland har naturressursar, teknologi og kompetanse til å bidra til å finne løysingar på utfordringar i Europa, seier fylkesordførar Jon Askeland som signerte avtalen saman med universitetsrektor Margareth Hagen.

Margareth Hagen og Jon Askeland smiler etter å ha signert avtale
Rektor Margareth Hagen og fylkesordfører Jon Askeland signerte fredag en samarbeidsavtale mellom Universitetet i Bergen og Vestland fylkeskommune.
Foto/ill.:
Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Hovedinnhold

Universitetet i Bergen (UiB) og Vestland fylkeskommune inngår no ein ny samarbeidsavtale. Den handlar om forsking og innovasjon og skal styrke det langsiktige arbeidet med berekraftig verdiskaping i Vestland gjennom europeisk samarbeid.

– Vi må posisjonere oss som region gjennom deltaking i partnarskap og alliansar internasjonalt og i EU. Denne samarbeidsavtalen styrkar vår innsats på dette feltet, seier Askeland.

Langsiktig satsing

Avtalen blei signert på rådhuset i Bergen fredag 12. mai.

– Gjennom denne samarbeidsavtalen håpar eg vi kan utnytte potensialet som finst på Vestlandet for sterke og gode samarbeid innan forsking og innovasjon. Universitetet i Bergen har i dag eit stort europeisk nettverk, og med denne samarbeidsavtalen vil vi styrke arbeidet med bærekraftig verdiskaping i Vestland gjennom tilrettelegging og utvikling av strategisk EU-samarbeid, seier UiB-rektor Margareth Hagen.

Opprettar stilling

Avtalen inneber at Vestland fylkeskommune deltek i finansieringa av ei ny stilling ved UiB. Stillinga skal vere dedikert til å følgje opp samarbeidet og koordinere partane sin felles innsats.

– UiB er eit leiande europeisk forskingsuniversitet med eit stort nettverk. Samarbeidet med Vestland fylkeskommune skal vere med å løfte næringslivet i Vestland i europeisk samanheng. Vi gler oss til å komme i gang, seier Askeland.

Midlar og nettverk

Askeland legg til at evna til å samarbeide om felles mål og etablere nye sterke partnarskap er avgjerande for kor godt vi lukkast med ei berekraftig samfunnsutvikling. 

– Mange av dei store samfunnsutfordringane, som til dømes klimakrisa, energikrisa og naturkrisa, kjenner ingen landegrenser. Det gjer heller ikkje løysingane.

Samarbeidet skal bidra til å skaffe midlar frå EU til viktige satsingar innan forsking og innovasjon i fylket. Dersom Vestland lukkast med å bli ein del av slike internasjonale samarbeid, vil regionen få svært gode partnarar i Europa og tilgang til store pottar med EU-midlar. Dette skal bidra til å finne løysingar på utfordringar som er felles for EU, Noreg og Vestland.