Prorektor vert styreleiar i Divisjon for vitskap
Prorektor Anne Lise Fimreite leier frå januar divisjonsstyret i Forskingsrådet sin Divisjon for vitskap.

Hovedinnhold
Prorektor ved UiB, Anne Lise Fimreite, vart fredag oppnemnt til hovudstyret i Forskingsrådet, og ikkje minst til å leia styret i Divisjon for vitskap.
Vitskapsdivisjonen si hovedoppgåve er å bidra til utvikling av den grunnleggjande forskinga innanfor alle fag og disiplinar, og til utvikling av tverr- og fleirfagleg forsking.
Divisjonen skal stimulera til fagleg fornying og ny vitskapleg erkjenning og arbeide for bedre rammevilkår for norsk forskning. Vitskapsdivisjonen har eit særskilt strategisk ansvar for universitets-, høgskule- og instituttsektoren.
Ansvar for tildelingar
Fimreite ser fram til å vera med der avgjerdene vert tekne og kunna påverka, særleg gjennom arbeidet i Divisjon for vitskap, som mellom anna har ansvaret for tildelingar innan Senter for framifrå forsking, Yngre framifrå forskarar og Fri prosjektstøtte.
Divisjonen ho vert styreleiar i legg også retningslinjene for finansiering av den nasjonale forskingsinfrastrukturen, til dømes vitskapeleg utstyr, vitskaplege databasar og samlingar og forskingsfasilitetar.
– Ein god forskingsinfrastruktur må til for å skapa god forsking, og det vert interessant å arbeida med.
– Reint personleg ser eg også fram til å verta kjent med mange spanande personar og få nye perspektiv, seier Fimreite.
UiB-kontinuitet i styret
Ho har tidlegare sete i tre programstyre i Forskingsrådet og leia mellom anna den forskningsrådsfinansierte evalueringa av NAV-reforma.
Det noverande styret er valt for fire år og sit fram til 31. mai 2015, i følgje Forskingsrådet. Dei siste fire åra har professor Dag L. Aksnes representert UiB i Divisjon for vitskap som styremedlem.
Fimreite ser fram til å leia styret, men er fullt klar over at det vert ein krevjande jobb.
– Men i rektoratet er me samde om at det er viktig for UiB å vera representert her og me skal saman sørga for at me innfrir forpliktingane våre også når eg tar på meg desse verva, seier prorektor.