Hjem
Institutt for biomedisin
Ny doktorgrad

Energistoffskiftet i kreftceller kan vere eit mål for terapi

Sissel Elisabeth Dyrstad disputerer 21.8.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "A study on metabolic rewiring in cancer cell plasticity".

Hovedinnhold

I 2018 var det registrert over 18 millionar nye krefttilfelle verda over (GLOBOCAN 2018). Ein faktor som bidrar til auka dødelegheit ved kreft er evna kreftcellene har til å forandre seg slik at dei kan spreie seg til andre deler av kroppen eller bli motstandsdyktige mot terapi. I alle celler er ei rekke metabolske prosessar viktige mellom anna for å oppretthalde energitilførsel i form av energimolekylet ATP. Mitokondriane er hjartet i ATP produksjonen og blir ofte skildra som kraftstasjonen i cellene. I kreftceller er mange metabolske prosessar kapra for å oppretthalde ukontrollert vekst.

Dyrstad og kollegaene har sett på kva rolle metabolsk omprogramering har i forandringsevna til kreftcellene. Dei fann at mitokondriane er linka til prosessar som er viktige for kreftspreiing, då nedregulering av bestemte mitokondrielle funksjonar leia til meir fleksibilitet i brystkreft. Dette kan bidra til at kreftcellene blir mindre avhengige av oksygen frå blod, og i tillegg lettare kan forflytte seg til andre stader. Slike celler vil produsere meir laktat, noko som tidligare er vist til å bidra til eit kreftfavoriserande mikromiljø.

Dyrstad har òg funne at liknande mekanismar kan bidra til resistens mot behandling ved ikkje-småccella lungekreft, noko som er et stort problem ved denne krefttypen. I laboratorieforsøk brukte ho målretta eksperimentell behandling mot avgjerande molekylære faktorar for å forhindre at cellene blei resistente. Behandlinga resulterte i redusert laktatproduksjon, mindre resistens og auka celledød i kulturane med kreftceller.

Metabolske og mitokondrielle funksjonar er avgjerande for forandringsevna til kreftceller. Difor kan utvikling av målretta terapi mot desse faktorane vere ein lovande strategi for å finne ny kreftbehandling.

Personalia

Sissel Elisabeth Dyrstad (f. 1988) er oppvaksen i Svelgen i Vestland fylke. Ho har ein bachelor i biologi (2011) og ein mastergrad i medisinsk biologi (2013), begge frå Universitetet i Bergen.I perioden 2016-2020 har ho vore stipendiat ved Institutt for Biomedisin, finansiert av Universitetet i Bergen med professor Karl Johan Tronstad som hovudrettleiar, og professor James Lorens og forsker Gro Vatne Røsland som medrettleiarar.