Vil gjere det enklare med delingskøyring
Delingsøkonomiutvalet foreslår at delingsplattformer som Uber, Airbnb og andre bør underleggjast ein generell rapporteringsplikt til skattemyndigheitene, og foreslår ei forenkla skattehandsaming av småinntekter frå tenesteyting i delingsøkonomien.
Hovedinnhold
Professor Tommy Staahl Gabrielsen (UiB) har leia utvalet, som i tillegg foreslår ei endra regulering av taximarknaden som gjer det mogleg med etablering av delingskøyring.
Gabrielsen underviser i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen, og er i tillegg leiar for Bergen Center for Competition Law and Economics (BECCLE). Han har leia arbeidet med å vurdere moglegheiter og utfordringar med delingsøkonomien, som gir blant anna privatpersonar høve til å tene pengar på privat tenesteyting og utleie. Eksempel på slike teneste er transportportalane Uber, Lyft og Haxi, og overnattingsselskapet AirBnB. Det er i dag for eksempel uavklart om selskap som Uber og Haxi faktisk er lovlege i Norge eller ikkje.
– Rettstilstanden på området er uavklart, noko som er uhaldbart både for kundar og tilbydarar, seier Gabrielsen.
Fleirtalet i utvalet meiner at reguleringar i persontransportmarknaden hindrar aktørar med andre forretningsmodellar i å etablere seg. Dette hindrar konkurransen og påfører samfunnet eit tap.
– Difor foreslår vi å oppheve løyvekravet og den tilhøyrande behovsprøvinga for å drive persontransport mot vederlag. Vi foreslår nye reguleringar som kan ivareta kundenes behov for sikkerhet og prisinformasjon, samt at inntektene blir rapportert til skattemyndighetene.
Bør betale skatt
Utvalet meiner også at skattereglene for inntekter frå delingsøkonomien kan framstå som uklare og kompliserte, og at skattemyndigheitene si kontroll med inntektene bør styrkast. Utvalet foreslår difor at formidlingsportalane bør påleggast ei obligatorisk rapporteringsplikt om tilbydarane sine inntekter frå delingsaktiviteter.
Utvalet meiner at skattemyndighetene må tydeliggjøre grensene mellom verksemd og skattefrie hobbyinntekter, og foreslår ein forenkla skattehandsaming av småinntekter frå delingstenester utanfor arbeidsforhold, som for eksempel delingskøyring. Fleirtalet foreslår også ein utvida skatteplikt for småskala korttidsutleie av eigen bustad.
– Korttidsutleige av eigen bustad kan involvere mykje arbeidsinnsats i form av tilrettelegging, og fleirtalet meiner at fortsatt skattefritak for denne type utleie vil kunne skape vridingar i arbeidsmarknaden som er uheldige for samfunnet, seier Gabrielsen.
Eit sterkt miljø i konkurranseøkonomi
Tommy Staahl Gabrielsen leiar eit større miljø for forsking og undervisning i konkurranserett i Bergen ved BECCLE. Studentar i samfunnsøkonomi og politisk økonomi ved UiB får høve til å jobbe tett på relevante problemstillingar i konkurranseøkonomi. I 2015 vann stipendiat Håvard Sandvik ved Institutt for økonomi (UiB) og BECCLE pris for beste masteroppgåve i konkurranseøkonomi i regi av Konkurransetilsynet.