Temaomtale HIM103
Islam og politikk
![Islam og politikk Ein gut held opp ein plakat av Muhammad Morsi, Egypts tidlegare president.](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/him201-8.png?itok=O62Az-4y×tamp=1403274802)
Hovedinnhold
Forholdet mellom islam og politikk er eit av dei mest omdiskuterte områda i moderne tid. I HIM103 skal vi tilnærme oss temaet historisk, og sjå på ulike måtar for politisk ideologi og praksis basert på islam.
Vi tar utgangspunkt i klassisk politisk teori, og fokuserer deretter på ulike former for islamisme i nyare tid, med vekt på dei ulike hovudretningane innanfor islamismen: tradisjonen til det Muslimske Brorskapet i Egypt og andre land, den meir konservative salafismen, og dei som bygger militant aktivitet på islam.
Målet med emnet er å vise variasjonen innanfor det vi kallar «islamisme», men også sammenhengar i teori og historie. Vi vil vise både på kva måte «islamisme» og «politisk islam» bygger på idear som ligg bygd inne i den islamske tradisjonen, og også korleis dei ulike uttrykka for politisk islam er eit resultat av ein historisk kontekst og ytre politiske forhold i ulike sammenhengar.