Hjem

Spansk språk og latinamerikastudium

Hovedinnhold

Korleis kan historiske prosessar forklare dei enorme skilnadene mellom fattig og rik i Latin-Amerika i dag? På kva måte representerer litteraturen ei samansmelting av det rike mangfaldet av kulturar og etnisitetar på kontinentet? Korleis utviklar det spanske språket seg i ei stadig meir globalisert verd?

Fagkoordinator: Synnøve Ones Rosales
Studierettleiar: Gita Pattanaik Rongevær
Eksamenskonsulent: Turid Daae

Forskergruppen Latinamerika, litteratur og kultur

Studerer du spansk språk og latinamerikastudium, vil du sitje att med solid kunnskap om mange ulike sider av samfunna på eit kontrastfylt og fargerikt kontinent. Studiet er sett saman av tre disiplinar som på ulike vis er viktige og nødvendige for god kommunikasjon.

På språkdelen av studiet lærer du mellom anna om grammatikk, dialektskilnader og tilhøve mellom språk, kultur og samfunn. Tekstutvalet i litteraturdelen representerer særs rike litterære tradisjonar og forfattarar frå mange land. I kulturkunnskap leiter vi etter opphavet til dagens store problemstillingar i fortida, og kastar lys på både historiske prosessar og notida.

Med kompetanse i spansk språk og latinamerikastudium kan du for eksempel bli lærar, konsulent for reiseliv, næringsliv og offentlege etatar, medarbeidar i frivillige organisasjonar, du kan arbeide i media eller med oversetting og kommunikasjon.

 

Årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium         Bachelor i spansk språk og latinamerikastudium
Master i spansk språk og latinamerikastudium                Ph.d. i spansk språk og latinamerikastudium

karriere
Student sitter på en stein med snødekte fjell i bakgrunnen

Språkinteressa førte til journalistjobb

– Det som er så fint med språkstudia er at ein har så mange moglegheiter – eit slikt studie opnar alle dører, seier Oda. Ho har ein master i spansk og jobbar no som journalist i TV2.

Spansk språk og latinamerikastudium
Øyvind Hodnekvam

Spanskstudier og reiselyst – en bra kombo

– Jeg har alltid vært interessert i andre kulturer. Her ved UiB fikk jeg muligheten til å lære om litteratur, kultur og språk i Nord-Amerika og Sør-Amerika.

utveksling
Bilde av Salar de Uyuni, en saltørken i Bolivia

– Utveksling er helt genialt

– Å reise i Latin-Amerika er fantastisk i seg selv, men det skader ikke å kunne språket, sier Edvard Nyvoll Bjørklund. Han lærte seg spansk på utveksling i Ecuador.

Visste du at ...

Spansk er det mest populære valfrie framandspråket i den norske skulen, det nest største kommunikasjonsspråket i verda og det tredje største språket på internett. 450 millionar menneske har språket som morsmål og ytterlegare mange millionar menneske kan det som framandspråk.