Hjem
Det humanistiske fakultet
karriere

Språkinteressa førte til journalistjobb

– Det som er så fint med språkstudia er at ein har så mange moglegheiter – eit slikt studie opnar alle dører, seier Oda. Ho har ein master i spansk og jobbar no som journalist i TV2.

Hovedinnhold

Eg har fått utruleg mange moglegheiter gjennom studiet. Både det å reise på utveksling og ha arbeidsopphald i utlandet har gjort meg tryggare i språket og gitt meg erfaringar som eg trur arbeidsgivarane mine har sett pris på.

Kvifor valde du å studere spansk språk og latinamerikastudier?

Heilt sida eg var lita har språk, kulturar og menneske interessert meg, men det var likevel litt tilfeldig at eg blei spanskstudent ved Universitetet i Bergen.

Det begynte med at eg gjekk eit år på folkehøgskule kor eg hadde ein spansklærar som sjølv hadde studert ved UiB. Ho hadde gjort mykje spennande i løpet av studietida si, blant anna jobba ved ambassaden i Mexico.

I løpet av folkehøgskuleåret mitt reiste vi på studietur til Mexico og Cuba, og då eg høyrde at ho kunne snakke flytande med dei vi møtte der, blei eg sikker på at eg skulle lære meg spansk like godt eg også. Ho har vore ein stor inspirasjon for meg. Eg hadde likevel lenge planar om å studere journalistikk, og tenkte at eg heller kunne lære meg spansk på eigahand. Men då tanta mi overtydde meg om å følge språkinteressa, blei det spansk. Eg angrar ikkje på det!

Jobba du ved sidan av studiane, eller var engasjert i andre aktivitetar?

Eg jobba store delar av studietida ved Den nationale scene som teatervert. Ellers var eg med på fleire ulike arrangement som frivillig gjennom heile studietida. Eg hoppa på det meste eg syntes var spennande, sjølv om det ikkje alltid var direkte relatert til det eg studerte.

Blant anna var eg med som frivillig då spanskfaget arrangerte ein stor konferanse i 2017. Eg var også engasjert i Bergen Internasjonale Litteraturfestival ein periode i studietida, kor eg jobba med tekstinnhald på nynorsk og engelsk. Eg hadde også ei lita stilling ved eit forlag her i Bergen, Mangschou, som SoMe-ansvarleg.

Det siste året av masteren fekk eg reise på eit to månaders opphald ved Universitat Autònoma de Barcelona gjennom Erasmus+. Der jobba eg på kontoret for internasjonale studentar og hjalp dei blant anna med å fullføre søknadar om studieopphald i Spania.

To damer med solbriller på kjører båt en sommerdag utenfor Barcelona

Oda og ein kollega i Barcelona, hausten 2018.

Foto/ill.:
Privat

Korleis har desse erfaringane vore til nytte for deg i ettertid?

Summen av alle desse erfaringene har vore – og er – heilt uvurderlege! Eg er nysgjerrig, litt rastlaus og reiselysten av meg, og det har eg verkeleg fått utløp for gjennom studietida mi. Eg trur nok ikkje eg hadde endt opp som journalist hadde det ikkje vore for alt eg har gjort tidlegare – interessa for språk ligg i botn.

Kva jobb har du i dag, og korleis er arbeidsdagen din der?

I dag jobbar eg som timevikar i innanriksredaksjonen i TV 2 Nyheter her i Bergen. Eg har desk- og reportervakter og lagar blant anna TV-reportasjar og nettsaker, samt går live på TV-sendingane innimellom. Eg stortrivst! Eg jobbar både morgon, dag og tek kveldsvakter. Det at arbeidsdagane er så varierte passar meg perfekt. I tillegg har eg stor fridom når det gjeld å finne saker, og eg bruker stadig vekk spanskkunnskapane ved å til dømes lese latinamerikanske aviser for å finne idear til saker som kan vere interessante her heime. Eg har faktisk funne fleire spanande nettsaker på den måten!

Korleis har yrkesvegen din vore fram til der du er i dag?

Etter at eg leverte masteroppgåva mi, reiste eg til Buenos Aires for å jobbe som praktikant ved Den norske ambassaden i Argentina. Den moglegheita hadde eg nok ikkje fått hadde det ikkje vore for språk- og kulturkunnskapane og masteroppgåva mi. Oppgåva handla i korte trekk om abortkampen i Argentina dei siste 20 åra og korleis den Katolske kyrkja har omtalt denne.

Hausten 2020 begynte eg på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved UiB og gjekk ut i jobb ved eit konsulentfirma i Bergen som innhaldsprodusent rett etter studia. Då eg fekk moglegheita til å begynne på NRK sitt opplæringssenter for journalistikk i Førde, takka eg ja. Eg var fire månader på NRK sitt kontor i Førde, før eg hadde praksis i NRK Møre og Romsdal i Ålesund. Då var sirkelen slutta – eg blei journalist sjølv om eg hadde studert spansk, eller kanskje var det fordi eg hadde studert spansk at eg blei journalist?

Oda gjer intervju med spansk turist i havna i Ålesund

På jobb i NRK Møre og Romsdal – her i radiointervju med spansktalande turistar som var med eitt av cruiseskipa i Ålesund den aktuelle dagen. Utruleg kor nyttig det er å kunne spansk uansett om du jobbar som journalist i utlandet eller ei!

Foto/ill.:
Privat

Korleis synes du studia har førebudd deg på arbeidslivet?

Eg har fått utruleg mange moglegheiter gjennom studiet – og har også gripe dei. Både det å reise ut på utveksling og ha arbeidsopphald i utlandet har gjort meg tryggare i språket og gitt meg erfaringar som eg trur arbeidsgivarane mine har sett pris på. Det som er så fint med språkstudia er at ein har så mange moglegheiter – eit slikt studie opnar alle dører! Det kan også vere skummelt å ikkje vite heilt kva ein skal bli med utdanninga, men eg har forma min eigen veg basert på interessene mine og er veldig glad for at eg har masteren i spansk i botn.

I tillegg må eg trekkje fram at studiemiljøet både på bacheloren og masteren var veldig bra. Vi hadde gode forelesarar og gjorde mykje kjekt ilag, både fagleg og på fritida. Ein har mange moglegheiter til å praktisere spansken sidan studiemiljøet er internasjonalt.

Kva er draumejobben din? Og kor går vegen vidare?

Å kombinere spanskkunnskapane med journalistikk er draumen! Om eg skal vere litt ambisiøs så kan eg jo seie at utanrikskorrespondent i Latinamerika for eit norsk mediehus verkar som ein kul og krevjande jobb. Det skjer så mykje spennande i Latinamerika og eg kunne ha trivdes med å løfte historier frå kontinentet til eit norsk publikum.

Men i det siste har eg også kjent at draumen om eit småbruk langs Sognefjorden eller heime på Sunnmøre lokkar meir og meir, så eg veit ikkje. Uansett vil eg halde spansken ved like medan eg jobbar som journalist, og så trur eg at eg må ta trangen til å lære portugisisk på alvor etterkvart, uansett om eg er i Søramerika, Sogn eller på Sunnmøre, hehe :-)