Hjem
Det humanistiske fakultet
Prosjekt

Studieporteføljen ved HF

Det humanistiske fakultetet har sett i gang eit arbeid med å vidareutvikle studieporteføljen.

Studenter som går sammen og snakker
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Dette skjer i prosjektet no

Det blir lagt fram ei orientering for fakultetsstyret i møte 18. mars om framdrifta i Studieporteføljeprosjektet. Alle rapportar som er levert inn frå arbeidsgrupper ligg i sak RS 9/25.

For meir informasjon knytt til dei enkelte arbeidsgruppene, sjå i nedtrekksmenyen under. 
 

Prosjektet fram til september 2024

 Studieporteføljeprosjektet skal:

  • som utgangspunkt konsentrere seg om HF sine bachelorprogram
  • kome med tilrådingar til ei studieportefølje med tydlegare arbeidsrelevans
  • sikre berekraftig ressursbruk som vil innebere ei effektivisering av ressursbruken knytt til undervisning

Mandat

Arbeidsgruppa skal setje i gang ein grundig gjennomgang av studieporteføljen ved HF, ut frå følgjande føresetnader:

  • Det skal identifiserast kva program det er særskilte utfordringar knytt til rekruttering og gjennomføring.
  • Program- og emneportefølje skal forenklast. Dette kan innebere nedlegging eller omorganisering av program.
  • Det skal arbeidast med tiltak for å styrkje kvalitet og gjennomføring i programma.
  • Det skal vurderast å opprette program med tverrfagleg profil og klar arbeidsrelevans. 
  • Arbeidsgruppa skal ta omsyn til pågåande og framtidige prosessar knytt til studieporteføljen ved fakultetet: Implementering av ny modell for lektorprogramma, arbeidet med å etablere eit FPØ-program og å utarbeide ein strategi for EVU-tilbodet ved HF.

Prosess

Fakultetet har arbeidd med å forankre dei pågåande prosessane i fagmiljøa sidan hausten 2022, då det vart gjennomført allmøte på alle institutt og einingar på fakultetet, i tillegg til eigne møte med alle fagkoordinatorar.

Hausten 2023 vart det òg arrangert eit seminar der alle fagkoordinatorar ved fakultetet kome med innspel til prosessen, i tillegg til eit allmøte. Det vart gjeve løypemeldingar om framdrifta i prosjektet til fakultetstyret og studiestyret.

Denne nettsida vert òg oppdatert undervegs med informasjon om framdrifta i prosjektet. Alle tilsette ved fakultetet vert oppmoda om å kome med innspel undervegs i prosjektperioden.

Organisering

Prosjektet er organisert gjennom ei arbeidsgruppe, ei ekstern referansegruppe og eit internt arbeidsutval på fakultetet som står for den daglege drifta i prosjektet.