Studieporteføljen ved HF
Det humanistiske fakultetet har sett i gang eit arbeid med å vidareutvikle studieporteføljen.
Main content
Inn i implementeringsfasen
Etter vedtaket i Fakultetsstyret er det etablert fleire arbeidsgrupper som skal førebu implementering av tiltaka i sluttrapporten. Arbeidsgruppene er sett saman av både tilsette og studentar, og jobbar med ulike oppgåver - til dømes utvikling av eit nytt fellesemne i første semester og utgreiing av prinsipp og system for fordeling av resultatmiddel.
Sluttrapporten er klar
Sluttrapporten frå Studieporteføljeprosjektet er no klar og tilrådingane i rapporten vart vedtekne i fakultetsstyret tysdag 10. september 2024. Du kan lese heile rapporten her.
Bakgrunn
Rekrutteringa til dei fleste av studieprogramma på HF har vore i nedgang over fleire år. Som resten av sektoren opplevde Det humanistiske fakultet ein oppgang i søkartal og studiepoengproduksjon under koronapandemien. I dei to etterfølgande åra har det derimot vore eit sterkt fall i søkartala til studia ved fakultetet, slik at dei i dag er på eit lågare nivå enn dei var før pandemien.
HF forvaltar ei stor fagleg breidde, men har strukturelle utfordringar knytt til studieporteføljen. Ei av utfordringane er det store omfanget studieprogram og -emne. Per i dag tilbyr HF i alt 64 studieprogram og over 700 emne. Eit slikt omfang er ikkje økonomisk berekraftig, og legg heller ikkje til rette ei god utnytting av undervisningsressursane.
Fakultetsstyret har vedteke å setje igang eit arbeid med å vidareutvikle studieporteføljen, og har sett ned ei arbeidsgruppe med mandat til å kome med framlegg til eit attraktivt studietilbod som rekrutterer sterkt og legg til rette for god gjennomføring.
Dette skjer i prosjektetStudieporteføljeprosjektet skal:
Sluttrapport og framdriftsplanSluttrapport med forslag til tiltak og framdriftsplan for vidare arbeid med Studieporteføljen ved HF vart lagt fram for fakultetsstyret i møte 10. september 2024. Sakspapir (sak 52/24) kan lesast her. Møte i arbeidsgruppa13. mai 2024 23.-24. april (fakultetsleiarkonferanse) 13. mars Ganske mange av programma på fakultetet har hatt dårleg studentrekruttering over tid. Arbeidsgruppa er samstemt på at arbeidet for å styrkja gjennomføringa må vera sentralt framover. Arbeidsgruppa drøfta òg opplegget i første semester i BA-programma. Ex.fac. og innføringsemne er no ute av UiB si studieforskrift, og HF må òg ta stilling til kva status desse emna skal ha. Tilbakemeldinga frå fagmiljøa er at emna i varierande grad svarer til dei behova som finst i programma. På same tid representerer ex.fac. generiske ferdigheiter som går på tvers av HF-programma, og har ein verdi ut frå dette. Arbeidsgruppa var samstemt om at studieporteføljeprosjektet no går over i ein ny fase, der ein må ta til med det konkrete arbeidet med ein rapport. AU følgjer opp dette i dialog med institutta framover. Ein første milepåle vert fakultetet sin leiarkonferanse i slutten av april. Det er òg bestilt ei sak til fakultetsstyremøtet 7. mai som gjer greie for status i prosjektet og som gjev ei skisse til kva sluttproduktet for prosjektet skal vera. Utkast til rapport skal vera klar før sommarferien, og fakultetsstyret skal fatta vedtak i saka på det første styremøtet til hausten. 16. februar 26. januar (heildagsseminar) Diskusjonen på heildagsseminaret var engasjert, og føregjekk både i grupper og i plenum. Ein fall ikkje ned på eintydige konklusjonar. Men det var semje om at det kan vera føremålstenleg å arbeide fram mot ein fleksibel modell for BA-programma ved fakultetet som legg til rette for at dei miljøa som vil arbeide fram tverrfaglege og felles emnepakkar har høve til det. Desse prinsippa skal ligge til grunn:
I etterkant av heildagssereminaret vart det bestemt at undervisningskoordinatorane ved institutt/senter går inn i arbeidsgruppa til prosjektet. 19. desember Arbeidsgruppa vil få ein gjennomgang av eit studietilbod i filosofi, politikk og økonomi (FPØ) på eit seinare møte. 17. november På novembermøtet blei det diskutert at det er behov for å definere kva som kan inngå i termen "arbeidsrelevans" og korleis dette kan jobbast fram i studieprogramma. Døme på HF-relatert arbeidsrelevans kan vere fellesemne i kulturminneforvaltning, digital humaniora, informasjonsarbeid, arkivarbeid, andre reine praksisemne etc. Arbeidsrelevans kan òg innebere måtar ein driv undervisning på. Medan arbeidsgruppa ventar på innspel frå fagmiljøa, vil gruppa oppdatere seg på andre prosessar ved fakultetet med relevans for studieporteføljeprosjektet. Døme på slike prosessar er: modell D på lektorprogrammet, oppretting av FPØ, og LLE-prosjektet om framtidsretta studie med digitale språkressursar. 25. oktober 12. september Heildagsseminar om UiB FRAM og studieporteføljen | oktober 23Fagkoordinatorar, fagleg leiing, administrasjonssjefar og studieleiarar var samla til heildagsseminar for å diskutere og utveksle erfaringar knytt til UiB Fram og studieporteføljeprosjektet. Hovudtemaet for studieporteføljesamlinga var å diskutere «Kva er og bør ein kvalifikasjon frå eit HF-program vere». Gruppearbeid med engasjerte, kreative og konstruktive diskusjonar. Det å treffast på tvers av fag og institutt var verdifullt for både fag og fellesskap, og fakultetet vil arbeide for fleire slike møtepunkt. Foto/ill.:
UiB
Sitat: alumn Oda Elisabeth Wiese Tvedt til dei ferske masterkandidatane ved HF i 2022 Resultat frå gruppearbeiet har følgande tilråingar til det vidare arbeidet i porteføljeprosjektet
Foto/ill.:
UiB
Møte med referansegruppa | november 23Arbeidsgruppa hadde møte med representantar i den eksterne referansegruppa 8. og 10. november. Desse spørsmåla var sendt ut på førehand og utgjorde bakteppet for samtalane:
Representantane i gruppa var tydelege på at HF-kompetanse er etterspurt i samfunnet. Samtalene gav mykje nyttig innsikt i korleis denne kompetansen kan bli brukt i arbeidsmarknaden i dag. Eit utval innspel og refleksjonar:
Sitat: Ida Holen, Kommunikasjonsrådgjevar for Strawberry/Petter Stordalen |
Mandat
Arbeidsgruppa skal setje i gang ein grundig gjennomgang av studieporteføljen ved HF, ut frå følgjande føresetnader:
- Det skal identifiserast kva program det er særskilte utfordringar knytt til rekruttering og gjennomføring.
- Program- og emneportefølje skal forenklast. Dette kan innebere nedlegging eller omorganisering av program.
- Det skal arbeidast med tiltak for å styrkje kvalitet og gjennomføring i programma.
- Det skal vurderast å opprette program med tverrfagleg profil og klar arbeidsrelevans.
- Arbeidsgruppa skal ta omsyn til pågåande og framtidige prosessar knytt til studieporteføljen ved fakultetet: Implementering av ny modell for lektorprogramma, arbeidet med å etablere eit FPØ-program og å utarbeide ein strategi for EVU-tilbodet ved HF.
Prosess
Fakultetet har arbeidd med å forankre dei pågåande prosessane i fagmiljøa sidan hausten 2022, då det vart gjennomført allmøte på alle institutt og einingar på fakultetet, i tillegg til eigne møte med alle fagkoordinatorar.
Hausten 2023 skal det òg arrangerast eit seminar der alle fagkoordinatorar ved fakultetet kan kome med innspel til prosessen, i tillegg til eit allmøte. Det vert gjeve løypemeldingar om framdrifta i prosjektet til fakultetstyret og studiestyret.
Denne nettsida vert òg oppdatert undervegs med informasjon om framdrifta i prosjektet. Alle tilsette ved fakultetet vert oppmoda om å kome med innspel undervegs i prosjektperioden.
Organisering
Prosjektet er organisert gjennom ei arbeidsgruppe, ei ekstern referansegruppe og eit internt arbeidsutval på fakultetet som står for den daglege drifta i prosjektet.
Arbeidsgruppe
- Svein Ivar Angell, visedekan for utdanning ved HF (leiar)
- Steinar Bøyum, instituttleiar, FoF
- Anders Fagerjord, instituttleiar, LLE
- Martin Paulsen, instituttleiar, IF
- Teemu Ryymin, instituttleiar, AHKR
- Kari Jegerstedt, senterleiar, SKOK
- Rasmus T. Slaattelid, senterleiar, SVT
- Jesse Tomaly, undervisningskoordinator, FoF
- Torodd Kinn, undervisningskoordinator, LLE
- Birger Solheim, undervisningskoordinator, IF
- Christian Sæle, undervisningskoordinator, AHKR
- Hanne Svanholm Misje, rådgjevar ved studieseksjonen, HF
- Unni Utvik, seniorrådgjevar, HF
- Jan Jacob Hoffmann, studieleiar, AHKR
- Studentrepresentantar
Arbeidsgruppa møtest ein gong i månaden.
Ekstern referansegruppe
- Sverker Sörlin, professor i miljøhistorie, Kungliga Tekniska Högskolan, Stockholm
- Johanna Gillow, byantikvar, Bergen kommune
- Ida Holen, kommunikasjonsrådgjevar, Petter A. Stordalen
- Kjersti Rognes Solbu, lektor Fyllingsdalen vgs.
- Arnt Ola Fidjestøl, fylkesarkivar, Vestland fylkeskommune
- Vidar Pedersen, underdirektør, Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
- Kristin Werdelin Bergan, rådgjevar, Utenriksdepartementet
Internt arbeidsutval
- Svein Ivar Angell, visedekan for utdanning
- Hanne Svanholm Misje, rådgjevar ved studieseksjonen, HF
- Unni Utvik, seniorrådgjevar, HF
- Jan Jacob Hoffmann, studieleiar, AHKR
Arbeidsutvalet har møte kvar veke.