Peptidomimetika - framtidas legemiddel
Gjennom å utvikle molekyl som kan regulere enzymene serinproteasar, er doktorgradsarbeidet til Budnjo eit steg på vegen mot nye legemiddel mot sjukdommar som kreft, diabetes og KOLS. Torsdag 19. juni 2014 disputerer han med avhandlinga “Synthesis of serine protease inhibitors”.
Hovedinnhold
Hovudmålet med prosjektet har vore å utvikle molekyl som kan regulere serinproteasar. Serinproteasar er ein type enzym og funksjonsfeil hjå desse er involvert i ei rekkje sjukdomar, som kreft, slag, diabetes, KOLS og cystisk fibrose. Substansar som hemmer serinproteaser har vist seg å vere nyttige som legemiddel for behandling av desse sjukdomane.
Proteasar bind seg til og kan bryte ned proteiner og peptider (deler av protein). I doktorgradsarbeidet sitt har Budnjo utvikla metodar for kjemisk framstilling av peptidomimetika, det vil seie molekyl som kan etterlikne peptid. Fleire av desse peptid-etterlikningane viste seg å kunne verke som hemmarar av ulike serinproteasar, og legg dermed grunnlaget for vidare utvikling av nye legemiddel.
Adnan Budnjo starta doktorgradsarbeidet sitt i 2010 med førsteamanuensis Bengt Erik Haug ved Kjemisk institutt og Senter for farmasi som rettleiar. Prosjektet har vore et samarbeid mellom forskingsgruppene til Haug og Professor Nathalie Reuter ved Molekylærbiologisk institutt ved UiB.
Disputasen finn stad torsdag 19.06.2014, kl. 1030, i Auditorium 2, Realfagsbygget, Allégaten 41, 5007 Bergen. Ope for alle interesserte.