Lars Herfindal tilsett som professor i farmakologi
Frå 1. juni 2015 er Lars Herfindal tilsett som professor i farmakologi ved Senter for farmasi med arbeidsstad ved Klinisk institutt 2.
Hovedinnhold
Herfindal er Cand. Scient. og Dr. Scient. ved Universitetet i Bergen og har til no arbeidd ved Institutt for Biomedisin. Hans forskingsfelt er utvikling av nanokolloid for levering av legemidlar med uheldig farmakokinetikk, og for målretta behandling av kreft. Målet til forskinga er å betra behandling av akutt myelogen leukemi (AML). I tillegg arbeider Herfindal med å isolera bioaktive stoff frå marine mikroorganismar, samt utgreia mekanismane bak bioaktiviteten, også her med fokus på AML terapi. Prosjekta er finansiert av Den Norske Kreftforening (forskarprosjekt), Helse Vest og NovoNordisk. Herfindal samarbeider mellom anna med Dr. Gillian Barratt ved fakultet for farmasi, Universitetet i Paris 11 Chatenay-Malabry, om utvikling av nanokolloidar og Prof. Kaarina Sivonen (Universitetet i Helsinki) om bioaktive stoff frå cyanobakterier. I den første tida ved Senter for farmasi vil Herfindal arbeida som professor i 50% stilling og samstundes ha ei 50% forskarstilling finansiert frå Den Norske Kreftforening.
Me ynskjer Lars velkomen til viktige oppgåver innan forsking og undervisning i farmasi ved Universitetet i Bergen.