Hjem
Forskergruppe for forvaltningsrett
AKTIVITET

Forskargruppe for forvaltningsrett - aktivitet

Her finn du informasjon om aktivitet knytt til prosjektet, som møter og seminar.

Bilete av nokre av medlemmane i forskargruppa for forvaltningsrett
Gruppa er leia av professor Ingunn Elise Myklebust og professor Sigrid Eskeland Schütz, og er sett saman av personar som arbeider med ulike forvaltningsrettslege problemstillingar.
Foto/ill.:
Rasmus G. Nielsen

Hovedinnhold

Haust 2023:

 

20. september kl. 12.15

Lunsjmøte der vi diskuterer møteplan for semesteret.

19. oktober kl. 12.15

Vi får besøk av sjukepleiar Hege Kornberg Christensen som vil halde eit innlegg om korleis ein ser på organiseringa av forvaltninga og høvet til reell klagebehandling frå den praktiske forvaltninga sin ståstad. Seminarrom 1.

30. oktober kl. 12.15–13.00

Matpakkemøte. Vi kjem tilbake til tema for diskusjon og møtestad.

8. november kl. 12.15–14.00

Vi får besøk av pasientombodet, som også vil sjå på spørsmål knytt til klagebehandling og overprøving, men denne gongen med fokus på rolla til det overordna organet. Rom 546.

27. november kl. 12.15–13.00

Matpakkemøte. Vi kjem tilbake til tema for diskusjon og møtestad.

28. november

Fellesseminar mellom fleire forskargrupper om betydinga av frivilligheit. Vi kjem tilbake til tidsrom og stad for seminaret.

12. desember kl. 10.15–12.00

Prosjektframlegging med Vårin Stubhaug, stor master. Rom 448.

 

Vår 2024 – førebels planlagt aktivitet:

18. januar

Vi har førebels sett av denne dagen som eit aktuelt tidspunkt for eit halvdagsseminar for å drøfte kva som er innhaldet i omgrepet "'overriding' public interest" slik det m.a. dukkar opp i Bernkonvensjonen (sml. HR-2023-936-A, Ulvedommen, avsnitt 26) og vassdirektivet (sml. pågåande diskusjonar om korleis dette skal implementerast i norsk rett gjennom vassforskrifta). Korleis ein gjennom direktiv og reglar set opp prioriteringar mellom interesser og mål, kan flytte grensa mellom juss og politikk.

 

 

Tidlegare aktivitet

 

2023 vår:

 

13. januar 

Oppstartmøte for forskargruppa.

26. januar kl. 11.15-15.15

Heildagsseminar om ulovlegheitsoppfølgning der vi mellom anna set fokus på spørsmål som gjeld fleirnivåstyring og spørsmål om personell kompetanse. Seminaret er ope for alle interesserte. 

Stad: Auditoriet i Juss II (1. etg., Jekteviksbakken 31).

Program:

11.15-11.25: Åpning: Innledning om ulovlighetsoppfølging i sin alminnelighet og særlig om strandsonen

       - Professor Ingunn Myklebust, Universitetet i Bergen

11.25-11.50: Ulovlighetsoppfølging med utgangspunkt i Strandsoneprosjektet

       - Seksjonsleder tilsyn Kari Arnetveit, Bergen kommune

       - Prosjektleder for ulovlighetsoppfølging Veronica Fosse, Bergen kommune  

11.50-12.15: Utvalgte perspektiv, med grunnlag i EMK, på eiendomsretten og ulovlighetsoppfølging

       - Førsteamanuensis Katrine Broch Hauge, Universitetet i Oslo

12.15-12.45: Lunch

12.45-13.10: Manglende foreldelse – en vurdering av de legislative hensynene…

       - Førsteamanuensis Miriam Skag, Universitetet i Bergen

13.10-13.35: Ulovlighetsoppfølging slik det oppleves for grunneierne

       - Advokat/partner Lars S. Alsaker, SANDS Advokatfirma DA

13.35-14.00: Refleksjoner rundt ulovlighetsoppfølging i strandsonen

       - Advokat/partner Ingrid Sævold Moe, Harris Advokatfirma

14.00-14.15: Pause

14.15-14.40: Hva er ulovlig? Et historisk perspektiv

       - Universitetslektor Børge Aadland, Universitetet i Bergen

14.40-15.05: Oppsummering og noen betraktninger knyttet til rammene for forvaltningsskjønn og kommunalt selvstyre

       - Postdoktor Siv Elén Årskog Vedvik, Universitetet i Bergen

15.05-15.15: Avsluttende kommentarer, spørsmål og svar.

Siv Elén Årskog Vedvik held føredrag om ulovlegheitsoppfølgning og rammene for det kommunale sjølvstyret.

Rasmus G. Nielsen presenterte prosjektet sitt om forvaltningskontraktar, måndag 7. november 2022.

Foto/ill.:
Ingunn Elise Myklebust

16. februar kl. 12.00-13.30

Innspelsrunde til marin arealforvaltning med Sigrid Eskeland Schütz. Juss II, 448.

21. mars kl. 12.00-13.30

Møte der vi drøftar servituttsaka på Geilo/Dr. Holms, LB-2021-139564. Saka reiser prinsipielle spørsmål om tilhøvet mellom offentleg styring og privat eigedomsrett, og er anka til Høgsterett. Tore Lunde innleiar. Juss II, 448.

11. april kl. 12.00-13.30

Innleiing ved Tarjei Ellingsen Røsvoll om fylkeskommunen si rolle ved helseforvaltning. Juss II, 448. 

13. april kl. 12.00-13.30

Fellesseminar med forskargruppa for velferdsrett som har besøk frå Århus. Juss II, 448.

1.-31. mai

Steven Lierman besøker forskargruppa. Han er professor i forvaltningsrett ved KU Leuven i Belgia og er også medlem av styret i den europeiske helserettsforeininga. Opphaldet er et fellesprosjekt mellom forskargruppene i forvaltningsrett og velferdsrett.

10. mai kl. 12.00-13.30

Steven Lierman innleiar om «medical decisions and minors». Juss II, 448.

15. mai kl. 10.00-12.00

Herman Haugen innleiar om "Protection and Confidence - The Concept of "Public Authority" in Norwegian Criminal Law, in Light of Privatization, Digitalization and Internationalization". Juss II, 448.

31. mai kl. 12.00-14.00

Presentasjon av boka Kriseregulering. Lovgivning under koronakrisen (Høgberg, Holmøyvik og Eriksen red.), Fagbokforlaget 2023. Arrangementet vil finne stad på Det juridiske fakultet.

6. juni kl. 10.00-12.00

Rettssikkerheit i barnevernet. NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid — Gjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet vart nyleg offentleggjort. Vår eigen Karl Harald Søvig sat i utvalet, og han vil fortelje litt om arbeidet og utgreiinga. Utvalet sitt mandat var å vurdere rettssikkerheita i alle ledd i barnevernet. Ove Veum, leiar av Barneverns- og helsenemnda i Vestland og universitetslektor ved UiB, vil gi ein kommentar. Også andre nemndsmedlemmar vil delta. Juss I, stort møterom 546.

8. juni kl. 11.00-15.00

Seminar om "forvaltningsretten inn i framtida". Vi markerer at Jan Fridthjof Bernt blir 80 år. Program under utarbeiding. 

 

2022 haust: 

 

26. august kl. 12.00-14.00

Besøk av advokat Ingeborg Sæveraas og advokat Ola Asbjørnsen (Oslo), som held innlegg for oss om tolking og praktisering av strandlova av 1965. Med på møtet kjem også advokat Lars Alsaker, som arbeider med akkurat tilsvarande strandsonesaker/ulovlegheitsoppfølgning i Bergen. Lars har vore ein aktiv masteroppgåverettleiar for UiB i mange år. Møterom 546.

6. september kl. 12.00-13.00

... og første tysdag kvar månad på samme tidspunkt fram til jul har vi uformelle lunsjsamlingar i forskargruppene for forvaltnings- og velferdsrett. Møterom 448, Juss II.

29. september kl. 12.00-14.00

Børge Aadland innleiar om kor mykje lit vi kan feste til opplysingar om fast eigedom som vi kan lese i matrikkelen. Han seier dette om grunnlaget for problemstillinga han gjerne vil drøfte med oss: 

Problemstillingen for innlegget er om informasjonen i matrikkelen blir tillagt en juridisk troverdighet som det ikke er grunnlag for. Matrikkelen er Norges offisielle eiendomsregister og inneholder informasjon om eiendomsgrenser, areal, bygninger og adresser. Dette er informasjon som det offentlige blant annet bruker i planlegging, utbygging, bruk og vern av fast eiendom. På samme måte bruker privatpersoner informasjonen i tilknytning til bruk, utnytting og utvikling av eiendom. Ved avhending av fast eiendom er også matrikkelen et naturlig utgangspunkt for selger, takstmann, eiendomsmegler og kjøper.

Brukerne er imidlertid i varierende grad kjent med matrikkelens begrensninger. I motsetning til grunnboken som både har en positiv og negativ juridisk troverdighet som er garant av staten, har ikke matrikkelen denne juridiske troverdighetet. Når offentlige myndigheter likevel tillegger matrikkelen juridisk troverdighet i visse sammenhenger kan det i realiteten gå ut over rettssikkerhet til eiere og brukere. Dette gjelder både i forhold til planfaglige spørsmål (reguleringsformål), bygningsmessige forhold (ulovlige bygninger og ulovlig infrastruktur som brygger/naust) og privatrettslige forhold (eiendomsgrenser og servitutter). I visse tilfeller kan det til og med påvirke offentligrettslige forhold (skatt og helse).

15. oktober-15. november

Rasmus Grønved Nielsen, Associate Professor, Centre for Public Regulation and Administration, Københavns Universitet er på besøk ved fakultetet.

20. oktober kl. 09.30-15.00

Dagsseminar om delegasjon. Seminaret vil vere todelt der den eine delen vil ta utgangspunkt i Tarjei Ellingsen Røsvoll sitt pågåande avhandlingsarbeid, og deretter andre perspektiv. 

Stad: Det juridiske fakultet, UiB, Seminarrom 2. 

Program:

09.30-10.15: Rettsleg tilnærming til forvaltningsrettsleg delegering (og organisering) v/ stipendiat Tarjei Ellingsen Røsvoll

Pause

10.30-10.45: Kommentar v/ professor Jon Christian Nordrum, UiO

10.45-11.00: Kommentar v/ professor Hans Petter Graver, UiO

11.00-11.30: Allmenn diskusjon om temaet

11.30-12.00: Lunsj

12.00: Forvaltningsrettslege perspektiv på organisering 

15.00: Slutt.

7. november kl. 12.00-14.00

12.00-13.30: Rasmus Grønved Nielsen presenterer doktoravhandlinga si om «Forvaltningskontrakter»: Forvaltningskontrakter: retlige studier over forvaltningens aftaler til varetagelse af myndighedsopgaver over for borgere med særligt henblik på myndighedsudøvelse - Gegnir (leitir.is). Juss II, 448.

13.30: Fotografering i kantina.

Rasmus G. Nielsen presenterer prosjektet sitt om forvaltningskontraktar

Cathrine Liss Hoddevik heldt eit spanande føredrag om urbant jordskifte for forskargruppa i forvaltningsrett. Eller er «urbant jordskifte» eit treffande omgrep på dei problemstillingane vi møter her? Torsdag 15. desember 2022.

Foto/ill.:
Sigrid Eskeland Schütz

10. november kl. 12.00-13.00

Torsdagsdebatt i kantina. Professor Ernst Nordtveit gir ein innleiande kommentar til den ferske dissensdommen frå Borgarting lagmannsrett som slår fast at Nordic Rutile har rett til å utvinne miner frå Engebøfjellet. Det konkurrerande gruveselskapet Arctic Mineral Resources (AMR) har varsla at dei vil anke avgjerda til Høgsterett på dei punkta der det var dissens. Kommentar frå professor Ingunn Elise Myklebust, professor Sigrid Eskeland Schütz og gjesteforskar Rasmus Grønved Nielsen frå København. 

11. november kl. 12.00-13.00

Lunsjmøte der vi diskuterer HR-2021-2510-A, Elsparkesykkeldommen. Kva kan styrast gjennom eigedomsretten, og kva aktivitet må styrast gjennom offentlege verkemiddel med krav om heimel i lov? Er det i så måte nokon skilnad mellom norsk og dansk rett?

9. desember kl. 12.00-14.00

Boklansering av "Menneskerettigheter i helse- og omsorgstjenesten" (Henriette Sinding Aasen og Marianne Klungland Bahus red.). Det blir tett program med korte innlegg frå bidragsytarane til boka. Auditorium 3.

15. desember kl. 09.00-10.00

Cathrine Liss Hoddevik held eit spanande føredrag om urbant jordskifte for forskargruppa i forvaltningsrett. Eller er «urbant jordskifte» eit treffande omgrep på dei problemstillingane vi møter her? Juss II.

Cathrine Hoddevik

Siv Elén Årskog Vedvik held føredrag om ulovlegheitsoppfølgning og rammene for det kommunale sjølvstyret.

Foto/ill.:
Ingunn Elise Myklebust

 

2022 vår:

 

31. januar kl. 12.00-13.00

Bjørn Henning Østenstad innleiar om sanksjon ved brot på eksamensreglement.

17. februar kl. 12.00-13.30

Teamsmøte med Nikolay Winge og Fredrik Holt, som vil presentere forskingsprosjekt om berekraftig arealbruk.

7. mars kl. 12.00-12.45

Prosjektframlegging med Eirik Finserås, seminarrom 3 i 4. etg. 

28. mars kl. 12.00-12.45

Vi drøftar staten si rolle som både motpart i søksmål frå private og som utviklar av nye rundskriv og retningslinjer som gjev uttrykk for lovforståing, med utgangspunkt i Kommunal- og moderniseringsdepartementet ved brev til Oslo kommune av 15. okt. 2021, der dei gjer prinsipielt greie for lovtolkinga av meldepliktsreglane i plan- og bygningslover av 1924 og 1965. Ingunn Elise Myklebust innleiar, rom 546.

9. mai kl. 12.00-12.45

Vi drøftar konsekvensane av at ungdoms- og vidaregåande skular nyttar seg av ukvalifisert pedagogisk personell i undervisinga. Tarjei Ellingsen Røsvoll innleiar, rom 546.

13. juni kl. 12.00-13.30

Prosjektframlegging med Henriette Tøssebro, med særleg vekt på vurdering av kva som fører til at vedtak blir ugyldige, plikta til omgjering og proporsjonalitetsvurderingar, rom 546. 

 

2021:

 

24. september kl. 12.00-13.00

Oppdatering og informasjonsmøte.

20. oktober kl. 12.00-14.00

Roald presenterer ny master i vaksenopplæringa. Susanne L. Iversen trekkjer opp rammene for masteroppgåva si om staten si plikt til å legge til rette for kunst og kultur etter Grl. § 100 (6) og dei prinsipielle grensene for kunst- og kulturforvaltninga. Møterom 546.

4. november kl. 12.00-14.00

Katrine B. Hauge presenterer boka INTEGRERT KYSTSONEFORVALTNING, og vi presenterer og diskuter ein artikkel vi arbeider vidare med som oppsummerer sentrale funn, som vi også ser på i ein større internasjonal og europeisk kontekst med tanke på engelsk publisering. Møterom 546.

9. desember kl. 11-16.00

Planrettsseminar med føredrag frå Eivind Junker, Ingrid W. Larsen, Gunnhild S. Sollie, Hanne Minde og Eivind Elvestad, inkludert julelunsj kl. 13.00-14.30. Møterom 546.