Hjem
Forskergruppe for forvaltningsrett
Seminar

Seminar om ulovlegheitsoppfølgning i strandsona 26. januar

26. januar 2023 arrangerte forskargruppa for forvaltningsrett, ved Børge Aadland, heildagsseminar om kva som er ulovlege tiltak i strandsona, oppfølgning og handlerom for skjønn.

Flyfoto som viser brygga i ei strandsonesak frå Hordaland tingrett
Foto/ill.:
Foto henta frå dom i Hordaland tingrett 16.02.2023, saksnr. 22-017149TVI-THOD/TVI-

Hovedinnhold

Introduksjon

Gjeldande plan- og bygningslov § 32-1 første ledd gir kommunen plikt til å følgje opp tiltak som er ulovlege. Når Bergen kommune i strandsoneprosjektet sitt undersøkjer tiltak som vart oppførte på den tida bygningslova av 1965 var gjeldande, er det reglane om søknad og løyve etter den lova som avgjer om tiltaket er lovleg. Dette reiser fleire spørsmål som vi ser på i dette seminaret gjennom fleire føredrag og angrepsvinklar: 


Det første spørsmålet ein må stille seg er om eit tiltak i strandsona i det heile er ulovleg. I dag er det krav om søknad og løyve for alle tiltak i strandsona, men slik var det ikkje etter bygningslova av 1965 og tidlegare lover. For tiltak som måtte vurderast som «varige konstruksjoner» etter § 84, vart det krav om å sende melding til kommunen. Men kva for tiltak var omfatta av denne regelen, og kva innebar det å sende ei melding til kommunen?  


Det neste spørsmålet – som har vore tema i fleire av sakene frå Bergen tingrett den siste tida – er korleis ein skal ta seg fram ved mangel på klare bevis for om melding faktisk var sendt.  Medan staten argumenterer for at ein kan vente å finne «spor» etter saksbehandlinga i saker der det var meldeplikt, argumenterer den private part for at ein på denne tida i mindre grad enn i dag såg på slike saker som arkivverdige, og at eventuelle meldingar til kommunen kan ha gått tapt. Har synet på krav til sakshandsaming, arkivering og konsekvensar av ugyldigheit endra seg? Kva betydning har i så fall det? I sakene for Hordaland tingrett, er det slike spørsmål som har vore avgjerande for utfallet. Staten har så langt ikkje klart å føre bevis for at melding om bygging i strandsona ikkje vart gitt. Sakene er anka til lagmannsretten. 


Endeleg er det i saker som gjeld krav om riving av ulovlege tiltak, spørsmål om kva krav ein skal stille til konkret vurdering av proporsjonalitet. Kva vekt skal det i ei slik vurdering leggjast på tid, rom, endringar av eigartilhøve, usikkerheit ved bevisføring og endringar i samfunnet m.m.? I kva grad skal ein leggje vekt på om løyve ville blitt gitt om det var sendt inn i sanntid? Kan ein i dag påtale gamal synd, utifrå det vi veit i dag om naturen si tolegrense og dagens arealpress, eller må ein halde seg til å sjå på samfunnet og arealsituasjonen slik den var på tidspunktet for det ulovlege tiltaket – og kva tid var så det? 
 

Program

11.15-11.25: Åpning: Innledning om ulovlighetsoppfølging i sin alminnelighet og særlig om strandsonen

       - Professor Ingunn Myklebust, Universitetet i Bergen

11.25-11.50: Ulovlighetsoppfølging med utgangspunkt i Strandsoneprosjektet

       - Seksjonsleder tilsyn Kari Arnetveit, Bergen kommune 

       - Prosjektleder for ulovlighetsoppfølging Veronica Fosse, Bergen kommune  

11.50-12.15: Utvalgte perspektiv, med grunnlag i EMK, på eiendomsretten og ulovlighetsoppfølging

       - Førsteamanuensis Katrine Broch Hauge, Universitetet i Oslo

12.15-12.45: Lunch

12.45-13.10: Manglende foreldelse – en vurdering av de legislative hensynene…

       - Førsteamanuensis Miriam Skag, Universitetet i Bergen

13.10-13.35: Ulovlighetsoppfølging slik det oppleves for grunneierne

       - Advokat/partner Lars S. Alsaker, SANDS Advokatfirma DA

13.35-14.00: Refleksjoner rundt ulovlighetsoppfølging i strandsonen

       - Advokat/partner Ingrid Sævold Moe, Harris Advokatfirma

14.00-14.15: Pause

14.15-14.40: Hva er ulovlig? Et historisk perspektiv 

       - Universitetslektor Børge Aadland, Universitetet i Bergen

14.40-15.05: Oppsummering og noen betraktninger knyttet til rammene for forvaltningsskjønn og kommunalt selvstyre

       - Postdoktor Siv Elén Årskog Vedvik, Universitetet i Bergen

15.05-15.15: Avsluttende kommentarer, spørsmål og svar.

 

Siv Elén Årskog Vedvik held føredrag om ulovlegheitsoppfølgning og rammene for det kommunale sjølvstyret.

Siv Elén Årskog Vedvik held føredrag om ulovlegheitsoppfølgning og rammene for det kommunale sjølvstyret.

Foto/ill.:
Ingunn Elise Myklebust