Hjem
Forskargruppe for europarett
Forskningsprosjekt

EØS-finanstilsyn – Noregs tilknyting til EUs tilsynssystem for finansmarknaden

Treårig forskningsprosjekt med mål om å kartleggje styrkar og veikskapar ved Noregs rettslege tilknyting til EU sitt finanstilsyn. Prosjektet leiast av professor Halvard H. Fredriksen, og er støtta av Finansmarknadsfondet.

Building
EØS-finanstilsyn - en rettsvitenskapelig analyse om Norges tilknytning til EUs tilsynssystem for finansmarkedet er et 3-årig prosjekt ledet av professor Halvard Haukeland Fredriksen.
Foto/ill.:
Marius Serban

Hovedinnhold

Prosjektet har som mål å kartleggje og vurdere styrkar og veikskapar ved Noregs rettslege tilknyting til EU sitt finanstilsyn frå ulike perspektiv – statsrettsleg,forvaltningsrettsleg, prosessrettsleg, EØS-rettsleg og EU-rettsleg.

Prosjektet er finansiert av Finansmarknadsfondet, og leiast av professor Halvard HaukelandFredriksen. Det er tilsett ein postdoktor på prosjektet, Ingrid Margrethe HalvorsenBarlund, som skal identifisere og deretter undersøkje dei for Noreg viktigasteproblemstillingane knytt til den komande revisjonen av EU sitt finanstilsyn. Det vil bli halde minst ein workshop og eit seminar i prosjektperioden, og prosjektet har som mål å publisere tre vitskaplege artiklar. Det har vidare vore tilknytta to masterstudentar til prosjektet så langt: Magnus Eidem skreiv hausten 2017/våren 2018 ein 60 poengs masteroppgåve med tittelen "Privates rettsbeskyttelse i EFTA-statene etter tilknytningen til EUs tilsynssystem for finansmarkedet". Hausten 2019/våren 2020 skreiv Marte Dahl Reisæter ein 60 poengs masteroppgåve med tittelen "Effektiv rettsbeskyttelse under EØS/EFTA-statenes tilknytning til Det europeiske finanstilsynssystemet". Begge har vore på fakultetets stipendordning.

Bakgrunn for prosjeket

Prosjektet ser nærare på korleis Noreg som medlem av EFTA-pilaren i EØS på ein mest mogleg hensiktsmessig måte bør tilknytte seg handhevingsapparatet i finansmarknaden i EU. I EU vart det etter Finanskrisa i 2008 oppretta fleire overnasjonale byrå for å føre tilsyn med finansmarknaden. EU-byråa har, på liknandemåte som Kommisjonen, kompetanse til å regulere og handheve eit avgrensa, definertområde av EU-samarbeidet. Byråa utleiar såleis si myndigheit direkte fråsekundærretten, altså rådsforordningane, som igjen har heimel i primærretten, og står dermed ikkje i noko vertikalt høve til Kommisjonen. Det første EU-byrået kom allereie i 1975, men det var ikkje før på 2000-talet at talet på EU-byrå auka kraftig.

Etter Finanskrisa vart det starta ei utbygging av regulerings – og handhevingsapparatetinnanfor finansmarknadsretten grunna svakheiter ved dåtidas system. I tillegg til Risikorådet (European Systemic Risk Board, ESRB) som vart oppretta for at ei slik krise ikkje skulle skje igjen, vart fleire byrå oppretta, deriblant dei tre tilsynsbyråa av finansielle teneste i den indre marknad; EBA, EIOPA og ESMA. Desse fører tilsyn med henhaldsvis bank, forsikring og verdipapir.
Felles for alle dei tre byråa er at EUetter kvart har fått ei auka utøvande myndigheit i finansmarknaden i Europa, samstundes som nasjonal suverenitet innanfor finansmarknadsretten har blitt innskrenka. Innskrenka i den forstand at tilgongen til sjølvstendig nasjonal handhevingog regulering har blitt redusert som følgje av EU-rettens krav til harmoniserte standardar og løysingar. På finansmarknadsområdet har desse byråa myndigheit til å instruere nasjonale finanstilsyn og i visse tilfelle setje desse heilt på sidelinja gjennom bindande vedtak adressert direkte til nasjonale marknadsaktørar.

Forordningane som opprettar Risikorådet, EBA, EIOPA og ESMA vart gjort del avEØS-avtala i 2016. Stortinget har godteke Noregs tilslutning til desse byråa, blant anna i medhald av Grunnlova § 115. Der det dreiar seg om rettsleg bindande vedtak overfornorsk forvaltning og føretak som opererer i finansmarknaden er det formelt ESA somfattar desse for at systemet skal vere i tråd med EØS- avtala. I realiteten er desse vedtaka allereie skissert av EU-byrået det kjem frå. Denne tilknytingsmodellen viser atEFTA-EØS er villig til å strekkje seg langt for å få ta del i finansmarknaden i EU.

Prosjektets mål

For norsk finansnæring er tilgong til EUs indre marknad for finansielle teneste heilt avgjerande, men dette føreset at EFTA-statane finn ein rettsleg haldbar og berekraftig tilknytingsform til desse EU-byråa. Dette har vist seg vanskeleg, og det er framleis eit etterslep på rettsaktar på dette området som står fast i EØS-komiteen. Utviklinga i EU går dessutan i retning av at byråa tileignast stadig nye oppgåver, og at dei overnasjonale myndigheitene forsterkast. For norske myndigheiter og finansmarknadsaktørar reiser dette ei rekkje spørsmål som det er behov for å sjå nærare på, blant anna om norsk forvaltning og norske aktørar er sikra eit effektivtrettsvern som del av EFTA-pilaren av finansmarknaden, men òg frå eit breiare perspektiv korleis Noreg som del av EFTA-pilaren i EØS på ein hensiktsmessig måtebør slutte seg til finansmarknaden i EU. Prosjektet opnar opp for å sjå nærare på ikkje berre tilknytinga til finansmarknaden, men òg generelt korleis Noreg som del avEFTA-pilaren i EØS skal handtere og forholde seg til framveksten av EU-byrå og eitveksande EU-forvaltningsapparat.