Hjem
Forskargruppe for europarett
Nyhet

Professor Halvard Haukeland Fredriksen skal leie lovutval

Regjeringa vil revidere regelverket for offentlege anskaffingar, og har i den forbindelse sett ned eit lovutval. Professor Halvard Haukeland Fredriksen skal vere leiar for dette lovutvalet.

Halvard Haukeland Fredriksen
Professor Halvard Haukeland Fredriksen
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Målet for lovrevisjonen er å styrke klima- og miljøomsyn, motverke sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, og forenkle regelverket for offentlege anskaffingar. Utvalsarbeidet skal munne ut i ein NOU som skal leverast til Nærings- og fiskeridepartementet. Første dellevering skal skje i november 2023, medan andre dellevering skal skje i mai 2024. Vi gratulerer og ønskjer lukke til med arbeidet!