Finanstilsynslovutvalet har levert si utgreiing om ny finanstilsynslov
Blant medlemmane i utvalet var førsteamanuensis og BERG-medlem Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund.

Hovedinnhold
Utvalet, som vart sett ned i 2021, fekk i oppgåve å lage eit utkast til ei ny finanstilsynslov som reflekterar utviklinga i regelverk, tilsynsomfang og metodikk, og som legg til rette for gode rammer for Finanstilsynet si verksemd framover. Den 2. mars 2023 overleverte utvalsleiar Endre Skjørestad NOU 2023:6 "Finanstilsynet i en ny tid" til finansminister Trygve Slagsvold Vedum. Blant dei viktigaste forslaga i utgreiinga er å auke Finanstilsynet si uavhengigheit frå politisk styring ved mellom anna å avskjere Finansdepartementet sin instruksjonsrett i ein del typar saker, og oppretting av ei nemnd for handsaming av klager på avgjerdene til Finanstilsynet. NOUen finn du her, og pressemeldinga frå finanstilsynslovutvalet om overleveringa her.