Sommerhelsing fra BERG
Hovedinnhold
Studieåret 23/24 har vore eit svært aktivt år for europarettsmiljøet i Bergen. Vi har fått eit nytt EØS-rettssenter (CENTENOL) og det har blitt arrangert fleire seminar i regi av både BERG, CENTENOL og BECCLE. For å nemne nokon var CENTENOLs opningskonferanse, europarettsmiljøets bidrag på Christie-konferansen og BECCLE-konferansen store suksessar. Det tek tid og krefter å byggje eit europarettsmiljø, men Bergensmiljøet er i stadig vekst, noko vi er stolte av: Miljøet fekk tre nye stipendiatar i løpet av 2023: Kristian Wederhus, Tollef Otterdal Heggen og Joséphine Thorson, og til hausten startar Øyvind Erstad Villanger og Silje Hagen Sofienlund som stipendiat hos oss. Vi er eit inkluderande miljø med ein brei fagleg profil innanfor EU – og EØS-retten, noko som blant anna viser seg i at våre medlem er aktive og synlege både i forsking, undervisning og ulike samfunnsengasjement.
Vi ønskjer å nytte høvet til å takke for alle besøk vi har hatt frå eksterne både akademikarar og praktikarar studieåret 23/24, som bidreg med sin ekspertise/We would like to express our deepest gratitude towards all external colleagues and friends having visited BERG this last year to contribute with their expertise. I tillegg ønskjer vi å rette ein stor takk til våre fire dyktige vitassar for studieåret 23/24 for solid innsats for fagmiljøet: Jenny Abelvik, Matias Tvermye Holmen, Maria Øverland og Louise Mathilde Zijdeman. Vi ønskjer dykk lukke til vidare i arbeidslivet!
Til hausten startar fakultetets første LLM i EU – og EØS-rett, og elles er det mange faglege aktivitetar som skjer utover hausten, så stay tuned!
Med dette ønskjer vi alle ein riktig god sommar!/Happy summer holidays!
Beste helsing,
Alle oss i BERG
Du kan følgje BERG her:
Instagram | LinkedIn | Facebook | Twitter