– Drevland gjorde seg uangripelig
Stipendiat i medievitenskap og medlem i retorikkgruppen Erik Knudsen kommenterer Trude Drevlands pressekonferanse.
![Knudsen og Drevland](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/knudsen_og_drevland.jpg?itok=Q5tNvihu×tamp=1579193000)
Hovedinnhold
Stipendiat Erik Knudsen har kommentert Trude Drevlands pressekonferanse til NRK.
Fra NRK Hordaland:
«– Dette er veldig uvanleg. Denne pressekonferansen gjer henne nesten uangripeleg, seier Erik Knudsen.
Medievetaren frå Universitetet i Bergen er ekspert på politisk kommunikasjon. Han trur ikkje norsk historie har sett liknande til talen Trude Drevland inviterte til i går.
Bergensordføraren kan ha stilna mange kritikarar trur forskaren, med det han meiner var ein nøye regisert og planlagt gjennomgang av saka si.
– Ved å trekke inn hittil ukjente sider gjer ho seg sjølv meir menneskeleg. Det blir vanskeleg å kritisere nokon som har det vondt, å sparke nokon som ligg nede, seier Knudsen.
Det er ikkje positivt dersom sakleg kritikk uteblir ifølgje forskaren.
– Ho legg seg flat, og legg på ein måte saka død. Det må komma noko stort no om det skal råka Drevland.»