Kritisk høyringsfråsegn til forslaget om "strengere straffer for flere lovbrudd"
Forskargruppa for strafferett og straffeprosess har sendt inn eit høyringssvar på Justisdepartementet sitt høyringsnotat om «strengere straffer for flere lovbrudd og endringer i utmålingen av oppreisningserstatning».
Hovedinnhold
Justisdepartementet sende i desember 2016 ut eit høyringsnotat om «strengere straffer for flere lovbrudd og endringer i utmålingen av oppreisningserstatning». Framlegget er basert på eit punkt i Regjeringa sin «Sundvolden-plattform» om at ein skal «[h]eve straffenivået der gjerningspersonen har begått flere straffbare forhold». Konkret vert det føreslått endringar i straffelova § 79 bokstav a om heving av maksimumsstraffa der ein person blir dømt til ei felles straff for fleire brotsverk. Endringa vil innebere både skjerping av strafferamma og straffenivået i slike saker, og at det eksisterande «taket» for norsk strafferett på som hovudregel 21 års fengsel vert oppheva. Medlemmar i forskargruppa for strafferett og straffeprosess har sendt inn eit høyringssvar der ein stiller seg kritisk til framlegget og grunngjevinga for det.
Bak høyringsfråsegna står professorane Einarsen, Frøseth, Grøning, Husabø, Jacobsen, Kolflaath, Rui, Aall og Aarli, førsteamanuensis Suominen og stipendiatane Fornes, Holter og Habberstad Mo.