Hjem
Forskergruppe for strafferett og straffeprosess
ph.d.-portrett

Straff tilpassa born

Ingun Fornes er stipendiat og forskar på korleis ein straffar born.

Bilete av Ingun Fornes
– Eg meiner det er viktig å undersøke korleis reaksjonssystemet kan best mogleg bli tilpassa domfelte born, fortel Ingun Fornes.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

– I Noreg har vi berre enkelte lovføresegner om straff av born og ingen straffereaksjonar berre for born, fortel Ingun Fornes.

Fornes byrja som stipendiat Det juridiske fakultetet i 2010, og ho skriv om val av straff der domfelte var eit barn på handlingstidspunktet. Temaet har ho avgrensa til saker alvorlege nok til at det blir tatt ut tiltale for domstolen.


– I slike saker vil det ofte vere eit spørsmål om born skal bli dømde til fengselsstraff eller ei anna form for straff. Eg ser på korleis domstolen handterer spørsmålet om val av straff, men òg på korleis ein bør utforme straffeartar som er særskilt tilpassa born. Born som bryt lova er ofte sårbare og har andre problem enn sjølve kriminaliteten. Ein må difor ta andre omsyn til val av straff enn for vaksne.

– Eg meiner det er viktig å undersøke korleis reaksjonssystemet kan best mogleg bli tilpassa domfelte born. Val av straff kan hindre ei framtidig kriminell karriere for born, noko som vil ha stor verdi for samfunnet.

 

Varetektsfengsling danna grunnlaget

Barnekonvensjonen til FN vart inkorporert i norsk rett då Fornes var student, noko som førte til at ho skreiv oppgåve om varetektsfengsling av born. Arbeidet gav meirsmak, og ho vart seinare sekretær for eit utval som vurderte bruken av straff av born, og spesielt fengselsstraff.


– Eg opplevde av det var vanskeleg å finne gode framstillingar av norsk «ungdomsstrafferett» og eg hadde lyst å arbeide vidare med mange av dei spørsmåla eg støtte på under utvalsarbeidet.


– Noreg har, i motsetnad til mange andre land, ingen eigne lover som regulerer straff av born.


Fornes fortel av kjeldegrunnlaget for ph.d.-prosjektet hennar ikkje er stort når det kjem til norsk rett og at innanfor rettsvitskapen er temaet hennar er lite behandla.


– Internasjonalt er det omvendt. I tillegg til at barnekonvensjonen har eigne føresegner om straff av born, er det ei rekke andre folkerettslege kjelder som regulerer dette gjennom tilrådingar og resolusjonar. Det er ein omfattande litteratur om ungdomsstraff internasjonalt og om ulike spørsmål som oppstår i alle «ungdomsstraffesystem».


– Sjølv syns eg at det er spesielt interessant å samanlikne det norske reaksjonssystemet med reaksjonssystema vi finn i andre land. Det vil vise både fordelar og ulemper med det norske systemet, og samstundes at det ofte er dei same utfordringane som oppstår i ganske ulike rettssystem.

 

Mykje meir å utforske

Det er skrive lite om norsk ungdomsstrafferett og det er difor mange spørsmål Fornes kan tenke seg å arbeide vidare med etter doktorgraden. Ho nemner mellom anna ei samanlikning mellom dei norske og utanlandske prosessordningane i saker som gjeld born, og å samanlikne den særnorske todelinga av reaksjonar i barnevernet og i strafferettsgang med «ungdomsstraffesystem» i andre land.

– I sommar kjem Noreg til å få ein eigen type straff for born som bygger på tankegangen om «restorative justice», der hovudfokuset er å rette opp att skada eit lovbrot har medført. I Noreg kjenner vi tankegangen frå konfliktrådet, som arrangerer meklingar og stormøte der ein lovbrytar møter dei fornærma og representantar frå samfunnet elles.


– Bruken av reaksjonar basert på denne tankegangen aukar innanfor strafferetten, men sjølv om det kan ha positive følgjer, er det ikkje heilt uproblematisk å ta den i bruk. Forholdet mellom dette og tradisjonell strafferett vil difor bli spennande å sjå nærmare på.