EuroVis 2011: Europas største og viktigaste visualiseringskonferanse til Bergen
Forskingsgruppa for visualisering ved Institutt for Informatikk, UiB, skal arrangere den største og viktigaste visualiseringskonferansen i Europa, EuroVis 2011, i Bergen 31. mai til 3. juni neste år.
Hovedinnhold
EuroVis 2011 vil bli den 13. i rekka av årlege symposium for visualisering og er arrangert i samarbeid mellom ”Eurographics Working Group on Data Visualization” og ”IEEE Visualization and Graphics Technical Committee”.
Forskingsgruppa for visualisering ved Institutt for Informatikk er entusiastiske over å få organisere denne prestisjefulle konferansen i Bergen.
- Dette er ein unik mogelegheit for forskingsmiljø og næringsliv i heile Noreg til møte dei beste forskarane innanfor visualisering. Vi har allereie starta førebuingane, mellom anna med å produsere informasjonsmateriale, som flygeblad, plakatar og internettsider, fortel leiar for arrangementskomiteen, professor Helwig Hauser.
Visualisering er blitt eit stadig viktigare forskingsområde, på grunn av nytteverdien faget har innanfor ei lang rekke bruksområdar. Det internasjonalt symposiet for visualisering, EuroVis, har vore arrangert årlig helt sidan 1999, som eit samarbeid mellom fagorganisasjonane Eurographics og IEEE.
Hovudmålet med symposiet er å fremja utveksling av forskingsresultat og kunnskapar mellom forskarar og utviklarar, samt å rekruttere europeiske forskarar til dette raskt veksande forskingsområdet. EuroVis omfamnar alle greinene av visualisering og har fått stadig større merksemd, som i sin tur gjer at konferansen har fått stor påverknad på fagfeltet.
Meir informasjon er å finne på http://www.UiB.no/EuroVis2011/