Hjem
Institutt for fremmedspråk
Heildigital konferanse

Forskargruppa Multilingualism on My Mind med ny heildigital konferanse

Den 21.-22. mars er det duka for konferansen: «MoMM Conference 2024: Multilingualism in Individuals, Education, and Society». Det er forskergruppa Multilingualism on My Mind (MoMM) ved IF som står for arrangementet. Konferansen vert heildigital og går i fotspora til suksessen i 2021. Kva kan MoMM-konferansen lære forskingsmiljøet ved UiB om fordelane med digitale løysingar?

Ordsky
Foto/ill.:
Grafikk: ArtsyBee

Hovedinnhold

Heildigitalisering som demokratiseringsprinsipp

Professor Åsta Haukås sit i organiseringskomiteen saman med stipendiat Mona Hosseini, Professor Marco Gargiulo, og førsteamanuensis Karen Forbes. Ho fortel om prosessane som ligg til grunn for konferansen som finn stad om halvanna veke.

Haukås fortel at MoMM-konferansen som dei hadde i 2021 har vore viktig for utforminga av dette arrangementet. For tre år sidan var verda hardt råka av Covid-19 pandemien, og det var derfor eit naturleg val å heildigitalisere konferansen. Sjølv om den digitale plattforma hadde klare praktiske fordelar, viste det seg også å fremma mangfald og inkludering. Konferansen hadde svært godt oppmøte med 300 deltakarar frå ulike land.

åsta Haukås

Professor Åsta Haukås

Foto/ill.:
Melanie Burford

I 2021 hadde MoMM fokus på mangfald allereie når dei planla konferansen. Plenumstalarane var blant anna Professor Bassey Antia frå Sør-Afrika og Professor Lynn Mario T. Menezes frå Brazil. Men det digitale formatet viste seg også å opne opp for eit bredt internasjonalt forskarmiljø. Deltakarar frå Pakistan til Columbia var til stades – alle via ein PC-skjerm i si eiga stove.

På denne måten la konferansen i 2021 grunnlaget for eit klart demokratiseringsprinsipp, samt fokus på dugnadsånd. I likskap med forgjengaren blir MoMM-konferansen i 2024 heildigital og kostnadsfri å delta på. Arrangørane og plenumstalarane bidreg også på frivillig basis.

For Haukås har det vore viktig å ikkje bidra med ein reproduksjon av ekskluderande strukturar innanfor akademia. Det å delta fysisk på konferanse vert raskt eit gode for vestlege forskingsmiljø med midlar til å reise. Forskarar som sjølv må stå for kost og losji vert dermed ofte ekskludert frå viktige internasjonale møteplassar. Med dette problematiserer Haukås korleis sanningane som kjem fram i akademiske samarbeid kan mangle viktige stemmer og perspektiv.

MoMM-konferansen fremmar derimot eit inkluderande og internasjonalt forskingssamarbeid, og har representantar frå alle kontinenta. Haukås understrekar at ho ikkje meiner at alle konferansar skal bli digitale, men at vi bør leggja til rette for heildigitale arrangement fordi dei mogleggjer mangfald og inkludering. Dette er ein verdifull erfaring ho trur forskingsmiljøet ved UiB kan lære av.

Stor interesse og viktig klima-perspektiv

Responsen har også synt at det er stor interesse for heildigitale akademiske møtepunkt. Haukås fortel at fleire av deltakarane frå 2021 tok kontakt i ettertid og lurte på når dei skulle møtast igjen. Målet er no at MoMM-konferansen, som i utganspunktet skulle vera eit enkeltståande arrangement, vert arrangert om lag kvart tredje år.

Konferansen i 2024 fekk inn heile 180 abstrakt. Etter ein nøye prosess med fagfellevurderingar vert dette kutta ned til 75 bidrag. Det vil seie at berre  vel 1/3 av søkarane kom gjennom nålauget.

UiB opplyser på sine nettsider om at dei har eit mål om å verta klimanøytral innan 2030. I tillegg til å fremma inkludering, mangfald, og eit breitt internasjonalt engasjement, meiner Haukås fleire digitale konferansar vil verta naudsynte om vi skal nå dette målet. Co2-utslepp, i sær frå flyreiser, er ein omdiskutert og høgaktuell utfordring innanfor akademia. MoMM-konferansen er på denne måten framtidsretta ikkje berre med sitt kritiske perspektiv på sosiale strukturar men også med tanke på planeten.

Framleis fokus på det sosiale

Det er også utfordringar med heildigitale konferansar – nokre av dei er heilt praktiske. Haukås fortel at det er nødvendig å fokusere på online-etikette dersom slike arrangementet skal gå smidig føre seg. Gløymde mikrofonar, travle chat-rom, og andre tekniske vanskar slepp ein gjerne på ein fysisk konferanse.

Den største hinderet, som mange nok tenker på, er korleis ei heildigital løysing påverkar det sosiale samspelet. «Vi mistar den viktige kaffi-koppen», påpeiker Haukås. Konferansar gir forskarar ein viktig moglegheit til å knyte nettverk, eller å kome i prat med kollegaer man sjeldan møter elles.

Dette vil ikkje MoMM-arrangørane sjå bort i frå. I 2021 nytta dei seg av ei plattform der konferansedeltakarane kunne laga ein digital avatar og navigere eit felles univers – som inkluderte ein kafé. I år vert løysninga eigne «break-out rooms» sett av til uformell prat. På denne måten har deltakarane framleis sjansen til å møtast mellom slaga.

Språk og språklæring på agendaen: relevant på tvers av fleire fagfelt

MoMM-konferansen i 2024 kan skilta med eit breitt utval av føredrag og diskusjonar. Fire anerkjende akademikarar står for plenumstalane. Dr. Sabine Little (Universitetet i Sheffield, England) skal halde eit innlegg om balansegongen fleirspråklege born navigerer i skulen og på heimebane. I sann stil med konferansen skal Professor Michel DeGraff (MIT, USA) saman med sin masterstudent, Djeride Jean-Baptiste, snakke om morsmålsbasert fleirspråkslæring på to språk (engelsk og kreolsk). Videre vil Professor Silvia Melo-Pfeifer (Universitetet i Hamburg, Tyskland) drøfte eiga forsking om bruken av visuelle verkemiddel i språkundervisninga.

Plenumsdeltakere MoMM

Frå venstre: Michel DeGraff, Djeride Jean-Baptiste, Sabine Little, Silvia Melo-Pfeifer

Foto/ill.:
Katherine Taylor/privat

Meir informasjon om programmet for årets MoMM konferanse og skjema for å delta i publikum finn du via denne lenka.