Forskar på språk og klima
Eit nettverk av internasjonale forskarar skal studere korleis språk og klimaforsking heng saman. Professor Kjersti Fløttum ved Institutt for framandspråk har fått støtte til det tverrfaglege prosjektet "Linguistic representations of climate change discourse and their individual and collective interpretations" (LINGCLIM).
Hovedinnhold
Hypotesen i prosjektet er at ei språkleg framstilling påverkar korleis vi assosierer og aktiverer kunnskap og dermed påverkar kva konklusjonar vi trekkjer i ei sak. Ved hjelp av språkanalyse, spørjeundersøkingar og psykologiske eksperiment skal forskarane få meir kunnskap om fortolkinga av klimaendringar.
Store utfordringar
– Vi språkforskarar kan seie mykje om språket, men gjennom eit samarbeid med andre vitskapsgreiner kan vi læra meir om opinionen, korleis språket vert brukt i klimaforsking og formidlinga av det vert tolka i samfunnet, seier Fløttum.
Ho trur at også klimaforskarane sjølve er opptekne av språk og formidling.
– Mange klimaforskarar er klare over at dei har store utfordringar når det gjeld formidlinga av forskinga si. Dette vert også diskutert i tidsskrift for klimaforsking, korleis ein skal kome ut med bodskapen sin. Det har vore ein fantastisk respons frå forskarar eg har snakka med. Det gjer at eg gler meg endå meir til å starte med prosjektet og jobbe med ei problemstilling eg kjenner folk er entusiastiske over, seier Fløttum.
Tre år og tolv millionar
Tidsramma er 2013-2015, og budsjettet er totalt på om lag 12 millionar kroner. Av dette får prosjektet 8–9 millionar kroner frå Noregs Forskingsråd. Denne løyvinga dekkjer m.a. ei postdoktorstilling og ei forskarassistentstilling i heile perioden. Prosjektet tek sikte på å undersøkje i kor stor grad og på kva måte språk har innverknad på handlingane våre i klimaspørsmålet. Prosjektet er tverrfagleg, og prosjektleiar vil samarbeide med kollegaer ved andre fakultet ved UiB og ved NHH og NTNU. Ein vil støtte seg til eit internasjonalt nettverk med om lag 20 forskarar. 3 av desse vil bli inviterte til UiB som gjesteforskarar i 1 månad: dr. Nelya Koteyko, University of Leicester (lingvistikk), dr. Michael Jones, Harvard University (statsvitskap), professor Chantal Pacteau, CNRS – Pierre et Marie Curie Paris VI (kognitiv vitskap).
Andre deltakarar i prosjektet er professor Trine Dahl, frå NHH, og frå UiB – professor Gisela Böhm (psykologi), professor Helge Drange (geofysikk/Bjerknessenteret) og førsteamanuensis Elisabeth Ivarsflaten (Institutt for samanliknande politikk). I tillegg vil prosjektet samarbeide med ein norsk gjesteforskar, professor Marianne Ryghaug, NTNU (kulturstudium).